— Her er nettverket ikkje større enn at nesten alle kjenner alle. Hendinga set preg på heile kommunen, seier sokneprest Reidar Ådnanes til Bergens Tidende.

Sokneprest Ådnanes og kapellan Valborg Sinnes var i går lveld på åstaden og snakka med pårørande og politi. Klokka 21 opna dei Sveio kyrkje for folk som ønskte å søkja saman etter at skytetragedien blei kjent. Kapellanen drog til Haugesund sjukehus for å vera nær nokre av Våga-familien sine nærmaste.

— Hit kjem folk som gjerne ikkje hadde nokon rundt seg og som brått oppdaga kven den råka familien var, seier soknepresten.

— Dette er ein tragedie også for oss utanfor familien. Sveio kommune med sine knapt 4700 innbyggjarar har ikkje ein einaste å mista, seier ordførar Olav Haugen (KrF).

Eit steinkast bortanfor den flaumljoste kyrkja hadde ordføraren samla kommunen si kriseleiing i kommunehuset, saman med rådmann Odd Henry Dahle, sektorleiarane og ein sentralbordbetjent.

26.november 1999 kom krisa kastande på Sveio like brått og uventa som gårsdagens familietragedie, då «Sleipner» gjekk ned ved Ryvarden.

— Det er like vanskeleg kvar gong. Går det menneskeliv tapt, er dei uerstattelege. Det gjer noko med oss alle, seier ordføraren. Han er tydeleg lamslegen av det som skjedde på Våga i går.

På skulane i Sveio blir elevane i dag møtte av lærarar som har budd seg på å snakka ut om det som har skjedd. Særleg på Sveio skule der den yngste dottera i den ramma Våga-familien gjekk.

— Tidlegare dødsfall blant elevar har ført til at skulane har klart eit krise- og sorgopplegg i slike høve, fortel ordførar Olav Haugen.