TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bergens-tidende.no Som meldt i Bergens Tidende i går døydde den eldre kvinna då det skulle takast prøve av beinmargen i brystbeinet. Med ei sprøyte skulle ein lege ta prøve av beinmargen for å stille ein diagnose. Men sprøyta gjekk gjennom brystbeinet og inn i hjartet på pasienten. Resultatet blei at kvinna døydde.Ulukka på Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane skjedde tidlegare denne månaden. Det tragiske dødsfallet blir no etterforska av politi og granska av fylkeslegen. Full gjennomgang Etter det Bergens Tidende kjenner til vart inngrepet utført av ein av dei fast tilsette legane ved sjukehuset i Førde. — Eg har bedt om full gjennomgang og skriftlege orienteringar både frå legen som skulle ta prøven, og frå leiinga ved medisinsk avdeling der dette skjedde. Når eg har fått desse orienteringane, vil kvalitetsutvalet vurdere om og i tilfelle kva tiltak som er nødvendig å gjennomføre. Men alt no veit eg at det frå leiinga ved avdelingen er sett i verk tiltak, seier sjeflege og leiar i kvalitetsutvalet ved sjukehuset, Bjarne Straume.- Kva går desse ut på?- I første omgang vil det bli gjennomført ei ny runde med opplæring for dei som jobbar med dette.Konkret kjem opplæringa til å konsentrere seg om dei prosedyrar som gjeld for denne type undersøkingar. Den type prøve som skulle utførast ved sjukehuset er heilt vanleg innan dagens medisin. Ved å ta prøver frå beinmargen, kan det bli stilt diagnose for fleire sjukdomar. Klart om ei veke Fylkeslege Petter Øgar sa til Bergens Tidende i går at enkelte element i dei opplysningar han har fått, kan tyde på at alle vanleg rutinar og prosedyrar ikkje blei følgde då ulukka skjedde.- Eg raknar med at vi innan ei veke skal ha klart det materiellet fylkeslegen har bedt om, seier Straume.