Bilføraren må rekne med eit alvorleg oppgjer med rettsapparatet etter fartsrekorden i verdas lengste tunnel i går. For på plass i stamvegtunnelen i går kveld var Utrykningspolitiet. Førarkortet vart fråteke på staden.

Også fire andre bilførarar vart tekne under fartskontrollen, men ingen av dei køyrde så fort at dei miste lappen.