PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.noDet er høgsterettsadvokat Tor Erling Staff som meiner at sorenskrivaren i Indre Sogn, Steinar Velle, er uskikka til å dømme i saka. Ikkje sendt anken Men Staff, som forsvarer den eine av dei to tiltala ungdommane, nådde ikkje fram med habilitetsklagen i Gulating Lagmannsrett.Den høgt profilerte forsvarsadvokaten har enno ikkje sendt det bebuda kjæremålet vidare til Høgsterett.Dermed kan tida vere i ferd med å renne ut med tanke på å starte rettssaka som planlagt 21. mai. — Det er eit ope spørsmål om saka no kan gå som planlagt. Faren for at den må utsetjast, er absolutt reell, seier sorenskrivar Steinar Velle til Bergens Tidende. Hastar Velle meiner difor at det hastar med å avklara habilitetsspørsmålet.Tor Erling Staff stadfesta i går overfor Bergens Tidende at han enno ikkje har sendt kjæremålet til Høgsterett.- Kjæremålet vil gå ut frå mitt kontor i løpet av dei næraste dagane, seier Staff. Saka er allereie utsett ein gong. Staff hadde ikkje høve til å møte i den perioden som var sett av i mars i år. Overfor Bergens Tidende avviser Staff at han er i ferd med å forårsake ei utsetjing nummer to. - Dette er eit spørsmål som Høgsterett bør kunne avgjere raskt, seier han. Uvisst i Høgsterett Sorenskrivar Steinar Velle påpeikar at partane sjølv er skuld i utsetjingane, og at rettsaka har topp prioritet ved Indre Sogn heradsrett.Men ved Høgsterett kan dei ikkje gje garantiar for at ei slik habilitetsak kan avgjerast lynkjapt. Behandlingstida vil variere alt etter kva andre saker som skal for retten. Nokre gonger tek det få dagar, andre gonger kan slike saker ta fleire månader.Skulle så skje at retten finn sorenskrivar Velle inhabil, må ein også finne ein erstatningsdommar som er klar med klubba i rettsalen 21. mai.Og no, før anken i det heile er sendt, er dette berre ein dryg månad fram i tid. Reagerte sterkt Dei pårørande etter Arve Beheim Karlsen har sett fram til dette rettsoppgjeret i lang tid. Det er no gått to år sidan indisk-fødde Arve Beheim Karlsen vart funnen drukna i Sogndalselva. Mor hans reagerte sterkt førre gong rettsaka vart utsett.I verste fall kjem no ytterlegare ei utsetjing, slik at saka i verste fall ikkje kan avsluttast før til hausten.- Eg trur ikkje folk kan fatte kor vanskeleg det er for familien dersom saka må utsetjast nok ein gong, seier bistandsadvokaten deira, Gunnar Solbraa.- Dei har bygd seg opp til å endeleg få belyst kva som skjedde med Arve. Ei ny utsetjing vil vere ei tragedie for dei.

Fakta/ Beheim Karlsen-saka Indisk-fødde Arve Beheim Karlsen frå Hafslo vart sist sett om kvelden 23. april 1999. 17-åringen sprang då ned under ei bru i Sogndal sentrum med to ungdommar etter seg. "Drep han! Drep negeren!", skal dei to ha ropt. Måndag 26. april vart 17-åringen funnen drukna ved elveosen i Sogndal. Dei to ungdommane vart raskt pågripne og sikta for drap. Men politiet greidde aldri å bevise at dei tok livet av Arve Beheim Karlsen. Drapssiktinga vart lagt vekk. I staden vart dei sikta for truslar og vald, medan Arves familie i fleire omgangar klaga på mangelfull etterforskning og tiltale. I vinter, kort etter Holmlia-drapet, utvida statsadvokaten siktinga til også å gjelde paragraf 135a i straffelova - den såkalla rasismeparagrafen. Rettssaka skulle først ha starta i Indre Sogn heradsrett i Sogndal 13. mars.