Ein gigantisk flyttesjau av statlege jobbar er i gang, og ein fryktar reine pesten i distriktet Leikanger/Sogndal.

To av fem i stat eller fylke

I Leikanger kommune er to av fem jobbar statlege eller fylkeskommunale; i Sogndal ein av fem.

— Denne flyttinga på offentlege etatar og arbeidsplassar, om mange nok av dei går ut av Sogn, blir meir dramatisk for Leikanger enn om Høyanger hadde mista bilfelgfabrikken Fundo med sine 350 jobbar. Og det blir alvorleg også for heile fylket, seier fylkesmann Oddvar Flæte i Sogn og Fjordane til Bergens Tidende.

— Tendensen har vi sett over fleire år; ein storstila flytteoperarasjon frå distrikt med avfolkingsvanskar til ein hovudstad med synlege vekstsmerter, seier Flæte.

Vond sirkel

— Ungdomen vår tek lang utdanning, men må flytte ut av fylket for å få nytte utdanninga si. Slikt blir det meir avfolking av, seier fylkesmannen. Flæte har taldokumentasjonen klar, før rasjonalisering-bort-bølgja i offentleg sektor tek av neste år. I Leikanger og Sogndal er 1130 av i alt 4390 (rundt 25 prosent) arbeidsplassar enten statlege eller fylkeskommunale. I Leikanger er prosentandelen 42, i Sogndal 19 prosent.

Ikkje for seint å gripe inn

Konsulentselskapet Cap Gemini Ernst & Young har på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet kome fram til følgjande: «Distriktene er i stand til å løse meget kompetansekrevende oppgaver like godt og gjerne med lavere ressursinnsats enn ved alternativ lokalisering i Oslo».

— Eg er ikkje overraska, og sluttar meg til konklusjonen. Ny teknologi gjer det muleg å tenkja ei anna arbeidsdeling mellom Oslo og distrikta. Og i regjeringskvartalet veit dei vel at det minste administrasjonssentret i landet, i Leikanger, sit med høg kompetanse. Og at vi har svært god søkartilgang når vi etterspør kompetanse, seier han.

KRITISK MASSE: ý Tek dei frå oss funksjonar som krev ressurspersonar blir det for lite igjen av det administrasjonsministaren kallar den kritiske massen; då raknar det for regionar og lokalsamfunn, seier fylkesmann Oddvar Flæte til BT.

KOMPETANSE: Her er siste tilvekst til kompetansebastionen Leikanger; ei statleg opplysningsteneste med seks jobbar lagt til Fylkesmannen.
FOTO: ODDLEIV APNESETH