Av Endre Brunstad,

leiar i Noregs Mållag

Stortingsrepresentant Ulf Erik Knudsen frå Framstegspartiet har skrive eit innlegg med tittelen» Få bort sidemålet». Innlegget liknar på tidlegare utspel frå Knudsen mot sidemålsundervisning. Synd berre, at han enno ikkje har lært leksa si: Innlegget vitnar om omtrentleg omgang med fakta, og mangelfull tenking om kva rolle skulen skal spele for norsk språk og norsk nasjonalkultur.

Den omtrentlege omgangen med fakta vert illustrert gjennom språkbruken, med formuleringar som «jeg tror», «faktum er», «man konkluderer med», «mitt håp», at det må «åpenbart være riktig» etc. Knudsen har ikkje ei einaste konkret tilvising til faglege kjelder. Det ville han òg ha problem med å finne.

Der er nemleg inga forsking som tyder på at sidemål skaper lese— og skriveproblem. Som kjent er då òg grunnleggjande lesekunnskap noko ein skal tileigne seg på barneskulen, lenge før sidemålsundervisninga. Det hadde vore betre om Knudsen tok lese- og skriveproblem på alvor, i staden for å bruke dei som falske argument i ei anna sak.

Det er dernest ikkje fagleg grunnlag for å seie at dårlege norske resultat i internasjonale lesetestar kan koplast til sidemålsundervisning. Senter for leseforsking ved Høgskolen i Stavanger har i brev til Noregs Mållag avvist grunnlaget for å hevde ein slik samanheng.

Knudsen har heller ikkje grunnlag for å hevde at frigjering av tid frå sidemålsundervisning til hovudmålsundervisning vil gjere lesekunnskapen betre. Problemet er heller omvendt: Ein bruker for lite tid på sidemålsundervisning. Det har fleire norsklærarar innsett, og derfor kjem det no i haust i gang forsøk ved åtte bokmålsskular om å bruke sidemålet, i desse tilfella nynorsk, meir aktivt også i andre timar enn norsktimane. Det gjeld skular mellom anna i Åndalsnes, Tromsø, Askøy og Oslo. Høgskulen i Volda har hatt det faglege ansvaret for forsøka.

Ei interessant side ved sidemålet er at det gir kunnskap ikkje berre i norsk språk, men òg i språk meir allment. Moderne forsking om språktileigning (t.d. av Jim Cummins) peikar på di fleire språk ein lærer seg, di betre allmenn språkkunnskap får ein. At Finland med to offisielle skriftspråk toppar internasjonale resultat frå lesegranskingar, talar ikkje imot norsk sidemålsundervisning.

Hovudgrunnlaget for sidemålsundervisninga er likevel kulturpolitisk, og heng saman med tre viktige føresetnader.

For det fyrste er nynorsk og bokmål offisielt jamstelde skriftspråk i Noreg. Det vil mellom anna seie at både nynorsk- og bokmålsbrukarar har rett på å få bruke språket sitt i flest mogleg samanhengar, og få brev frå det offentlege på språket sitt. Derfor må nynorsk og bokmål vere allmennkunnskap.

For det andre skal skulen gi kunnskap som gjer elevane i stand til å take sjølvstendige val. Ved å få opplæring i både bokmål og nynorsk, kan elevane verte i stand til å velje kva for skriftspråk dei vil bruke.

For det tredje har norsk skule eit kulturpolitisk ansvar med norskfaget som kulturfag. Sidemålet er ganske enkelt ein del av det elevar skal ha tileigna seg av norsk nasjonalkultur.

Nettopp det nasjonalkulturelle momentet er verd å trekkje fram. I andre samanhengar har Framstegspartiet tala høgt om det «norske», utan å konkretisere det på særleg annan måte enn gjennom motstand mot «framandkulturelle» innvandrarar. Men kva er det då Knudsen og partiet hans vil arbeide for? Kva legg dei i uttrykket «norsk»? Og kva vyar har Framstegspartiet om norsk språk og norsk nasjonalkultur, når det gjennom sidemålsmotstanden går til åtak mot statusen til det viktigaste elementet i norsk -nynorsken?