Det er kioskeigar Bjørn Kåre Larsen i Odda som meiner Hagesæter har snytt han og to lokale idrettslag for inntekter gjennom selskapet Euro Holding AS, som Hagesæter er eineeigar i.

Larsen inngjekk tidlegare i år ein avtale med stortingsrepresentant Hagesæter om at selskapet hans skulle få plassere ut fire speleautomatar i dei gamle lokala til Larsens kiosk i Odda. Euro Holding AS skulle ha halvparten av omsettinga, medan Larsen skulle ha 4218 kroner i månaden for å dekkje husleiga. Resten skulle gå uavkorta til to idrettslag i Odda.

Den vesle spelehallen vart sett i drift i midten av august, og pengane skulle delast mellom partane den 10. i kvar månad. Problemet var at det aldri dukka opp automatpengar på kontoen til Bjørn Kåre Larsen i Odda.

Før helga stengde Larsen butikken, samtidig som han gjennom BA skulda Hagesæter for å ha stukke av med pengane. I går mottok Larsen 5100 kroner frå Hagesæters selskap – halvparten av det Euro Holding AS hevdar er tre månaders omsetting.

Larsen svarer i dag med å gå til politiet.

— Vi har ikkje fått nokon truverdig dokumentasjon på omfanget av spelet. Det er umuleg å kontrollere at det Hagesæter seier er rett. Eg vil melde han for reint bedrageri, seier Larsen, som sjølv fryktar skuldingar om at han har snytt idrettslaga for pengar. Han legg ikkje skjul på at han tykkjer det er underleg dersom den samla omsettinga ikkje var større enn vel 100 kroner per dag.

Hagesæter ser på si side fram til at automatkrangelen no hamnar hos politiet.

— Det er einaste måten eg kan bli skikkeleg reinvaska på, seier Hagesæter, som hevdar han er heilt uskuldig. Han var inntil i haust både dagleg leiar og styreformann i selskapet, og er fortsatt eineaksjonær. Hagesæter vart vald inn på Stortinget for Frp frå Hordaland i haust, og sit i finanskomiteen.

Hagesæter hevdar at spelehallen gjekk dårleg, og det difor heller ikkje var grunn til å tømme automatane før i november. At Euro Holding skal ha henta ut pengar frå automatane fleire gonger, blir blankt avvist av stortingsrepresentanten.