• Partiet sentralt må droppa personstriden, så skal vi sikra ein tingplass for Frp i Sogn og Fjordane, seier listetopp Jostein Kvalsvik frå Førde.

GUNNAR WIEDERSTRØM Gunnar.wiederstrom@bergens-tidende.no

Sogn og Fjordan har til no vore ein kvitt flekk på Frp-kartet, men den siste meiningsmålinga som BT presenterte i går, stadfestar at Frp ligg godt an til ein tingplass etter stortingsvalet i haust.

Listetopp Jostein Kvalsvik har gjort lynkarriere i partiet, etter at han i 1998 braut med Høgre fordi han ikkje var attvald på Høgre-lista til fylkestinget. I staden tok Sogn og Fjordane Frp fatt i den røynde kommune— og fylkespolitikaren og plasserte han på toppen av lista.

I fylkestinget er den 50 år gamle Bravida-direktøren gruppeleiar, ein posisjon han også har hatt i kommunestyret i Vågsøy, men då for Høgre ti år attende.

– Frp har 14 lokallag, vi er representerte i sju by- og kommunestyre, og rett før jul fekk vi vårt eige fylkessekretariat i Førde. Eg meiner vi er godt budde på ein valkamp der Frp for første gong kan bli representert på Stortinget frå Sogn og Fjordane, sier Jostein Kvalsvik.