Av Roar Teigen

Totalt 70 millionar som på det opphavlege statsbudsjettet til regjeringa var avsett til miljøforsking i Noreg vart overført til andre budsjettpostar i avtalen med Frp, står det sitert i ein artikkel i Dagsavisen 27.11.

Desse kutta vil mellom anna ramma forsking på klimaproblem og rein energi, står det i artikkelen. Men Frp sin klimapolitiske talsmann Øyvind Korsberg har ingen vanskar med å forsvara kutta. Korsberg skildrar klima— og energiforsking i dag som fordomsfull og politisk styrt. Og følgjer på med uttalelsar som: «Mange forskere mener at klimaendringene skyldes helt andre ting enn menneskers utslipp av CO2, for eksempel stråling fra sola.

Men myndighetene og regjeringen følger dommedagsprofetiene til FNs klimapanel.»Eg studera sjølv meteorologi, og trur eg har betre kjennskap til forskarane rundt om i verda sine meiningar om klimaendringar enn Korsberg. Hans påstand om at mange forskarar er i utakt med FNs klimapanel er i beste fall uviten, i verste fall medviten feilinformasjon! Ja, det er forskarar som meiner at klimaendringane si årsak ikkje har samanheng med auka bruk av fossile brennstoff.

Men desse forskarane er i eit solid mindretal, verdas fremste forskarar på klima, til dømes innafor meteorologi, oseanografi og geologi anten dei sit i FNs klimapanel eller ikkje er blitt sikrare i trua dei siste åra på at hovudårsaka til den globale oppvarminga er utslepp av drivhusgassar (i hovudsak CO2 og metan).

Korsberg si skildring av desse forskarane som dommedagsprofetar, og forskinga som fordomsfull synest eg viser ei respektlaus haldning overfor dyktige forskarar og seriøst og grundig forskingsarbeid. Eit syn som dessverre har stor oppslutnad i Frp. FNs klimapanel prøver på ein balansert og nøktern måte å skildra årsakene til og følgjene av eit varmare klima på jorda. Det er slett ikkje deira ønskje å svartmåla framtidsutsiktene, men derimot å gje eit realistisk bilete ut frå kva forskingsresultat dei oppnår. Dessverre samstemmer ikkje dette bilete med det bilete Frp ønskjer å sjå føre seg og formidla til omverda, og difor konkludera dei med at dette er fordomsfulle spådommar!

Ein slik konklusjon synest eg er uhøyrt og direkte frekk. Først og fremst fordi den skal legitimera Frp sitt fråvær av klimapolitikk. «Vi i Frp har ikkje mindre omsyn for å sikra eit leveleg miljø på jorda for framtidige generasjonar, men årsakene til og følgjene av miljøendringane ligg utanfor mogleg menneskeleg innverknad så derfor treng vi ikkje gjera noko!».

Slik vil Frp at folk skal oppfatta situasjonen, og i ein slik samanheng er det sjølvsagt viktig å insinuera at FNs klimapanel famlar i blinde. Dessutan å sluka rått alle teoriar om at den globale oppvarminga har ikkje-menneskeskapte årsaker. Her treng ein ikkje vera kritisk til fagleg tyngde, kunnskap og sjå med kritisk auge på det som vert lagt fram, for vi får servert det vi ønskjer oss. Kanskje det Korsberg meiner med ei politisk styrt klimaforsking er at desse forskarane med dei rette «profetiane» ikkje får stor nok del av midlane.Nei, Frp, det er nok overvegande sannsynleg at FNs klimapanel har rett, og då skal ein nytta føre var prinsippet til å setja i verk tiltak.

Alt anna er umoralsk for kommande generasjonar og folk i den 3. verda som vil merka følgjene av eit varmare klima først. Mange av verdas fattigaste bur i område som med stigande havnivå kan verta oversvømt.

Frp som tydeleg vel å gå imot tiltak for å avgrensa det som den faglege tyngda trur er ei menneskeskapt klimaendring får vera så ærleg å sei at dei ikkje bryr seg. Øyer synk i havet og tørkekatastrofar verre enn dei me ser i dag, men billeg bensin og sprit i landet vårt er vel det som er viktig for framtida vår, Frp ...