Av Torill Selsvold Nyborg, leiar i Hordaland KrF

Trond Giske er på krigsstien mot KrF og kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. Han svingar svepa over det han meiner er den verste kulturministeren vi har hatt nokon gong. Ho er for usynleg seier han, men ho er visst synleg nok til å irritera han i andre spørsmål. Det er eit klassisk personangrep som går inn i rekkja over Ap-folk som seier seg å vera profetar for toleranse og vidsyn.

Kritikken mot Valgerd kjem altså frå han som var utdanningsminister i den svakaste regjering landet vårt har sett i moderne tid. Giske let søknader om nye skular godgjera seg i departementet frå den dagen han kom inn til den dagen han gjekk ut av døra. Han trenerte saker slik at han fekk refs i Stortinget og vart sett under instruksjon frå dei folkevalde. Slik sett var det ein revolusjon som fann stad når Kristin Clemet kom inn og fekk fart på dei same sakene. No har foreldre og skular krav på svar – og dei får det.

No har visst Giske friskna til i dei voldsomme personangrepa på kulturministeren. Krona på angrepsverket hans er at det kjem på den dagen Valgerd innleiar sin ferie. Slik sett er det eit fullkome politisk og personleg meisterverk. Det talar for seg sjølv.