PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Kameraten hans er dømt til eitt års fengsel, der halvparten av dette er på vilkår.

Frikjent for rasisme Den hovudtiltalte har ifølgje Indre Sogn heradsrett ved fleire høve opptredd valdeleg mot Arve Beheim Karlsen. Men retten meiner at ingen av dei to kan dømmast for rasisme mot Arve.

Dei blir frifunne på dette punktet, trass i at retten finn prova at hovudtiltalte brukte ei rekke nedsetjande uttrykk om hudfaren og den etniske bakgrunnen til Arve. Men retten meiner at dei åtte-ni personane som skal ha høyrt dette, ikkje er nok til å seie at rasismen var spreidd i det offentlege rom.

Mobba Arve Men retten finn det prova ut over einkvar rimeleg tvil at hovudtiltalte frå hausten 1998 til Arve døydde dreiv omfattande mobbing og plaging av den indisk-fødde guten. Dette grunna hans hudfarge og etniske bakgrunn. Men retten legg ikkje til grunn at trugsmåla og trakasseringa har samanheng med at Arve døydde.

Indre Sogn heradsrett meiner sågar at hovudtiltaltes rasisme slo positivt ut for Arve i nærmiljøet, fordi sitat "mange har dermed innsett at dei måtte vere på vakt for å helpe Arve."

Vil anke I tillegg er han funnen skuldig i vald mot ein drosjesjåfør i Naustdal, samt å uprovosert å ha skalla ned to personar utanfor ein pizzarestaurant i Førde. Samla meiner retten at dette kvalifiserer til fengsel i tre år.

19-åringen vart i retten forsvart av høgsterettsadvokat Tor Erling Staff.

Tiltalen mot den andre 19-åringen var avgrensa til det som skjedde under jakta på Arve over brua i Sogndal sentrum den natta han forsvann.

Han er no dømt til ett års fengsel for dette. Seks månader er på vilkår.

Også han er frikjent for alt som har med rasisme å gjere. Overfor Bergens Tidende har forsvararen hans, advokat Knut Storberget, gjort det klart at dei vil anke alt anna enn ein blank frifinning.

Dermed oppnådde ikkje påtalemakta å få dømt dei to etter rasismeparagrafen.

Dommen i Indre Sogn heradsrett er samrøystes.

Symbolsak Aktor i saka, 1. statsadvokat Jan Hoel, tok ut rasismetiltalen som eit tillegg i februar i år, etter at Riksadvokaten hadde gjeve pålegg om hyppigare bruk av rasismeparagrafen i straffelova. Hoel gjorde det under rettsaka klart at Beheim Karlsen-saka er ein prøvestein for denne lina.

Paragrafen er tidlegare brukt stort sett på politiske ytringar. Gjennom tiltalen i Beheim Karlsen-saka ønskte påtalemakta å knyte rasismen konkret opp mot dei tiltalte sin opptreden både direkte overfor Arve, i tillegg til at dei offentleg skulle ha spreidd rasehets mot Arve.

Det var få dagar etter Holmlia-drapet i Oslo i januar i år at Riksadvokaten kom med rundskriv om ei hyppigare bruk av rasismeparagrafen.

Arve Beheim Karlsen sin død vart ei symbolsak i kampen mot rasisme.

"Nesten drap" Det var under eit russetreff i Sogndal natt til lørdag 24. april 1999 at dei to tiltalte sprang etter Arve Beheim Karlsen over ei bru i sentrum. Mandag 26. april vart Arve funnen drukna ved elvemunningen eit par hundre meter lenger nede.

Dei to 19-åringane vart først tiltalt for forsetteleg drap på Arve, men dette vart seinare redusert til vald, trugsmål og trakassering mot Arve. Og i februar i år kom tilleggstiltalen etter rasismeparagrafen.

Under sin prosedyre meinte aktor Jan Hoel at saka ligg tett opptil aktlaust drap, og at Arve hadde drukna i forsøket på å unnsleppe dei to forfølgjarane.

Like etter drapet på Benjamin Hermansen i januar i år kom aktor med ein tilleggstiltale mot 19-åringane, denne gongen for rasisme mot Arve.

Les også: Staff: Helt uforståelig straffeutmåling Tiltale og dom i Beheim Karlsen-sakaMora nøgd med domenBeklager dommen — Vil prosedere lågmælt- Antirasisme-hysteri mot tiltalte Staff: - Arve var ikkje reddKrev tre og to år for Arves plageånder - På grensa til drap- Om Arve slutta var problemet vekke - Gjer eg ikke noko no, får eg aldri fred - Arve klarte å unnslippeUvisst når Arve vart jagaVille skvære opp med Arves mor Hovudtiltalte vart banka opp- Arve vart mobba av sambygdinger Merka ingen ting på tiltalte- Drep den lille negeren - Tiltalte ropte "drep han" Måtte stoppe hovudtiltalte- Aldri sett tiltalte slikOppgav tiltalt som plagånd"Arve vart berre vekke"Nektar for vald mot ArveSøstera til Arve møtte i retten

VALDELEG: Den hovudtiltalte har ifølgje Indre Sogn heradsrett ved fleire høve opptredd valdeleg mot Arve Beheim Karlsen. Men retten meiner at ingen av dei to kan dømmast for rasisme mot Arve.