For å sikre at dei har ein trygg stad å vere er det viktig å støtta våre krisesenter, og sikre at desse har ei stabil finansiering. Krisesentra gir hjelp til sjølvhjelp og har ein kompetanse som samfunnet er heilt avhengig av. Det er ingen sjølvfølgje at krisesentra er fullfinansierte, men livsviktige for alle kvinner og barn som dagleg vert utsett for vald og overgrep.Frihet for vald og overgrep er ein grunnleggjande menneskerett og alle som er utsett for overgrep og trusler om overgrep må få tilbod om politivern eller alarm. Valdtekt og mishandling av kvinner og deira barn er eit samfunnsproblem som fortener å stå høgt på den politiske dagsorden. Takka vere krisesentra sin dokumentasjon, og uredde og tydlege røyster, har vi blitt informert om omfanget av mishandlinga og konsekvenseneVald og mishandling av kvinner er inga privat sak, men eit samfunnsproblem som vi som politikarar må setje høgt på den politiske dagsorden. Alt anna vil vere å springe overgripar sitt ærend, og vere med på å skjule den mishandlinga som dagleg skjer.Dette er vårt felles ansvar og vi må ta det – og vi må bekjempe det. Alt anna vil vere feigt!Av May Britt Vihovde,stortingsrepresentant Venstre