Av Olav Revheim

Det gav brukargruppene rimeleg straum utan store prissvingingar. Industri og næringsliv hadde ein opplagt konkurransefordel, og samfunnet totalt, kompensasjon for å leva i eit høgkostland.

Syse-regjeringa fekk med Stortinget sitt samtykke etablert ein innfallsport til liberalisering av kraftmarknaden i Noreg i 1990. I l993 under regjeringa Brundtland, skaut liberaliseringa fart, då eit fleirtal i Stortinget utvida frisleppet med vedtak som gav eit utanlandsk selskap høve til å kjøpa straum av Statskraft. Dette krov bygging av straumkabel under Nordsjøen. Kraftkrevande industri i Noreg er førebels unnateke liberaliseringa, med langsiktige kontrakter som sikrar rimeleg straum i tida framover. Dette er ein torn i auga på EU og overvakingsorganet ESA har gått hardt på for å få vekk kontraktene.

Den trinnvise omlegginga av kraftmarknaden innanlands, har og medført at mange kommunar av kortsiktige økonomiske grunnar, har seld sine energiverk til større selskap. På denne måten har ein samstundes seld frå seg politisk styring, til kapitalinteressene i dei store selskapa. Etter kvart har Noreg fått ein liberalisert felles kraftmarknad med Sverige (Norden), noko som i periodar har ført til at Noreg har levert straum til Sverige samstundes som Sverige har ført elektrisk kraft til Polen.

Auken i straumprisane, som no etter kvart vert fakturert, har kome som eit sjokk, både for private hushald, offentleg drift og store deler av næringslivet. Mange har oppfatta straumregulerande linjer til utlandet som ein garanti for nok og billeg straum. Men då har ein kanskje ikkje heilt forstått dynamikken i marknadskreftene.

Statnett ynskjer no fleire straumkablar til Europa. — Det er ikkje energilova som er problemet, seier selskapet sine konsulentar - men politikarar som ikkje har teke inn over seg at Noreg no er ein del av den europeiske kraftmarknaden (!).

Konsulentane lovar billegare straum med fleire overføringskablar, men unnlet knapt heilt tilfeldig, å fortelja at straumprisen i EU ligg 2 til 3 gonger over det me er vane med som norsk prisnivå. Fasit kan knapt bli anna enn at auka overføringskapasitet nådelaust og permanent vil gje Noreg europeiske straumprisar.

Det kan synast rimeleg at kapitalistane i kraftselskapa har forstått at selskapa kan bli gullkanta pengemaskiner.

Men - har norske politikarar forstått at problemet er ei mangelfull energilov - og at det politiske systemet i samsvar med den, heilt kan ha mist styringa?