Det er faktisk slik at folk etter kvart oppfattar irakiske talsmenn som meir balanserte og vettige enn Bush og hans einsynte talsmenn.

I helga kom meldinga om at Bush trur at ein krig mot Irak automatisk vil føre til stabilitet og fred og at nye demokratiske regime vil vekse fram i Midtausten! Til og med palestinarane ville då bli demokratiske fordi terroristane ikkje lenger vil få hjelp og våpen frå sin rike ven i Irak! Det høyrdest mest ut som eit varsel om at frelsaren skulle komme — kanskje ikkje slik at Messias skulle komme tilbake til Midtausten og skape fred mellom menneska og dømme retteferdige og urettferdige. Men det var nummeret før. Og amerikanske politikarar og næringslivsfolk klappar. «Vi er det største og flottaste folk på jorda», seier Bush til krigarane som han sender på misjonsferd til Midtausten.

Då er det freistande å slutte seg til Iraks utanriksminister: «Bush er galen! Han er den presidenten som bør avsetjast, han er ein despot som set sitt eige folk i fare!» USA skal innføre Pax Americana med å setje inn amerikanske statthaldarar til å styre Irak i fleire år, og ikkje minst å styre oljekranane. Ikkje rart at lokale opposisjonelle leiarar blir urolege. Dei trudde at dei skulle få ta over å styre landet når despoten Saddam er styrta (USA har jo som kjent utferda dødsdom over Saddam og heile hans familie og næraste leiarar. Spesialstyrkar er særlege utplukka til det oppdraget). Og dei trudde at oljen endeleg skulle brukast til å bygge opp att landet. Imens held kampen fram i FN, og der driv Bush sin valkamp på heimevis. Landa skal skremmast eller kjøpast til å stemme på USAs krigsvedtak. Han prøvde seg på Tyskland. Han lokkar Russland og Kina som begge er avhengige av godt handelssamband med USA. Og nabolandet Mexico kraup til korset. No vil dei stemme for Bush/Blair-framlegget. Dei har skifta syn. Vi har ikkje råd til å vere i strid med USA, sa politiske talsmenn ganske ope. Og fleire av dei mindre og fattigare landa er sjølvsagt i skvis mens USA meir eller mindre ope lokkar dei med at dersom dei støttar USA, vil dei bli godt betalte.

Og når Saddam sakte og sikkert kjem FN meir i møte og no også seier seg klar til å øydelegge sine forsvarsrakettar, så er det heller ikkje godt nok. Bush og Blair har ikkje tid til å sjå at dette faktisk blir gjort og at ein hærskare av våpeninspektørar får gjort jobben sin.

Bush er sterkt religiøs, blir det sagt, omvend etter ei utagerande ungdomstid. Og religiøse fundamentalistar skal vi vakte oss for. Dei er dei verste og mest blodtørstige. Sjå berre på bin Laden. Han og Bush er brør i anden. Men det blir bin Laden som vinn mest om Bush startar krigen. Bush trur nok på saka si. Han trur til og med at USA er det flottaste landet i verda, og at USA har noko å lære vekk når det gjeld demokrati og menneskerettar!

Det er vanskeleg å forstå at Blair kan følgje Bush. Men det verre å forstå at Bondevik gjer det. 8 av 10 nordmenn støttar fredssporet i FN. Bondevik må vere i stand til å ta standpunkt!

Edvin Helgheim, Florø