Eg er ordførar i ein kommune med store økonomiske utfordringar, og kjenner til dei vanskelege kutta som lokalpolitikarar og innbuarar står ovanfor. Eg veit også at dette ikkje er vanskar av ny dato, for både når Arbeidarpartiet styrte og under Bondevik I-regjeringa, der Sp hadde både finans— og kommunalminister, så var ikkje tilhøva det slag betre.

I vår opplevde eg det slik at regjeringa var samde med kommunane i at det var for knappe rammer og for mykje øyremerking, og at dei tok tak i dette.

Men så er det også slik at ting heng i hop. Skal vi ha folk i arbeid og inntekter til kommunen (les skule og omsorg), så ligg nøkkelen i at næringslivet går godt. Derfor er det viktig med stram økonomisk styring som får ned kronekurs og rente. For Gulen kommune sin del har mindre rente ført til over ein million meir i inntekter. Og for kommunane i Sogn og Fjordane fylke, som tilsaman har ganske høg lånegjeld, så er låg rente svært viktig.

Eg håpar vi kan stortingsfleirtalet til å gå inn for å vekte dei «objektive» kriteria i inntektssystemet på ein slik måte at det tek betre omsyn til typiske «utkantproblem», som lange avstandar og spreidd bustadbygging. Sentralstyret til KrF har sagt ein skal arbeide for å finne fram til ei meir rettferdig ordning. Eg håpar som sagt at det skal bli mogeleg og at dei partia som synest distrikta er viktige, står saman i denne saka.

Trude Brosvik, KrF