SIREN SUNDLAND, FILOLOG OG MEDIEMENER

Berre ein kort og skarrande r skil mitt nye verb frå det etablerte. Like fullt er det vesentleg forskjell på å skavla og å skravla. Å skravla er å snakka om uvesentlege ting mens alle er einige om at vi snakkar om uvesentlege ting.

Å skavla er på mange måtar det motsette: Å skavla er å snakka om uvesentlege ting mens mange eigentleg snakkar om vesentlege ting. Å skavla er altså ikkje å sjå det store i det små, men å sjå det uvesentlege når det vesentlege vert for vanskeleg. Eller for trist.

Eg kan gje eit døme. Eg kan forresten gje veldig mange døme, henta frå fredagane med Fredrik:

Jan Egeland, generalsekretær i Noregs Røde Kors, svarar på spørsmål om korleis det er å jobba i Irak, om korleis det er å vera nær menneske som blir skadde og drepne i bomberegnet. Då, med eitt, skjer det magiske. Det som såg ut til å vera ein seriøs samtale er kjapt og lydlaust blitt til skavling. Fredrik spør: «Har du tatovering, Egeland?» Og under over alle under — det fell seg heilt naturleg! Ingen har lagt merke til korleis samtalen har endra fullstendig retning. Eigentleg var det hit vi skulle - heile tida. Her er vi trygge. No skavlar vi så det susar:

«Har du tatovering, Egeland?»

Skavling har to tydelege kjenneteikn. Først: det er godt meint. Sist: stilen er sympatisk.

Ein rutinert skavlar er ofte sjarmerande, sympatisk og jovial. Å skavla er å sjå ut over alt det store og tenke: «Nei, dette vert i overkant! Dette er meir enn eg kan ta inn!». Dei vide perspektiva må først som sist skavlast ned til eit format vi kan kjenne oss heime i. For å kunne tenke oss inn i andre sine liv må det fjerne gjerast litt mindre fjernt, og dei andre må gjerast hakket mindre annleis. Slik er vi no eingong skrudd saman: det vi ikkje kjenner og det vi ikkje forstår, prøver vi å forstå ved å samanlikna med det som er kjent. Altså oss sjølv.

Det er godt meint. Og stilen er sympatisk:

No rettar Fredrik seg litt opp i stolen og spør med nysgjerrig mine:

«Egeland, irakarane har jo visst lenge at dei ville bli bomba. Var dei redde?»

Berre ein avansert skavlar kan få dette absolutte meiningslause spørsmålet til å gje meining. Berre ein avansert skavlar kan gjere seg så til dei grader naiv, så naiv at sjølv Erlend Loe går i metting, og samtidig sleppe unna med det.

Det meiningslause spørsmålet har sjølvsagt sin funksjon: frå dette nullpunktet skal vi skavla oss fram til det heilage målet: innleving og identifikasjon. Innleving og Identifikasjon. Dei siste fredagane har fått meg til å føle ei viss uro over desse ideala. Innleving og identifikasjon handlar om å definere verda med seg sjølv som konstant sentrum. Det kan ikkje vere anna enn eit formidabelt blindspor, denne etiske imperialismen som krev at alt vi kan bry oss om må vere noko vi sjølv kan kjenne att. Vi som kan sove om natta må først som sist forstå at vi ikkje kan forstå kva dei føler, dei som bli bomba om natta.

Deira smerte kan vi aldri forstå, deira smerte er meir enn vi kan fatte. Om ikkje anna, så bør vi slutte dette forsøket. Det ligg større innsikt og respekt for andre om vi ikkje latar som om vi forstår. Vi kan heller øve oss med tanken på alt vi ikkje forstår. Så pass burde vi kunne stå i, endå så krigstrøytt ein kan bli etter tre veker ved fjernsynsfronten.