Onsdag dumpa Sogndal kommune mange lastebillass med snø i havnebassenget i Sogndal, i nærleiken av leiteområdet. Dette skal ikkje ha ført til vanskar for dykkarane sitt arbeid, seier vakthavande ved Sogn politidistrikt.

"KNM Tyr" vart trekt ut av leitinga onsdag morgon. Med miniubåt var då dei djupare partia av fjorden utanfor Sogndal sentrum gjennomsøkt. Også spesialtrena politihundar har dei siste to dagane vore sett inn i søk på land, men utan resultat. Ifølgje politiet er leitinga på land førebels innstilt.

SAKNA: Ole Ivan Rørvik (21)