Innlegget er sterkt prega av fordomar, feilopplysningar, feilreferat og påstandar som lett kan tilbakevisast. Det let seg neppe gjera fullt ut i eit kort avisinnlegg, men eg skal freista å gjera det kortfatta.

Innleiingsvis refererer dei frå eit folkemøte om Kommunedelplanen for Kyststamvegen over Tysnes. Dette gjer dei trass i at dei ikkje var til stades på møtet og dei gjev difor eit totalt feil inntrykk av det som skjedde. Under møtet var dei aller fleste innlegga konstruktive i høve til framdrifta av planarbeidet. Inntrykket frå møtet er sjølvsagt slett ikkje at dei frammøtte meite dette var eit meiningslaust prosjekt.

Grov og Rimmereid går dessutan i den fella at dei snakkar om framføring av Kyststamvegen som eit prosjekt for Stord, Fitjar eller Tysnes. Det er det sjølvsagt ikkje. Det er eit prosjekt av stor regional og nasjonal verdi. — Då må alle, også me i Tysnes, finna oss i at me ikkje får det akkurat slik me vil.

I innlegget vert det vidare feilaktig gjeve inntrykk av at E 39 langs austsida av Stord vert opprusta til stamvegstandard. Sanninga er at vegen frå Jektevik til Sandvikvåg skal rustast opp til riksvegstandard, noko me alle ser er naudsynleg også på lengre sikt.

Det verste av alt er likevel at det i innlegget vert hevda at den løysinga Fylkestinget har valt er dårleg samfunnsøkonomi. Det er direkte feil, og dessutan i strid med alle faglege tilrådingar som kjem fram i konsekvensanalysen.

Den framføringa som gav best utteljing i tabellen for kost/nytte der alle samfunnsmessige kostnader er tekne med, var framføring over Reksteren. Denne løysinga vart vraka av to grunnar. Den eine var miljømessige vurderingar. Den andre var at ei slik framføring ville gje store kostnader ein ville få lite nytte av i samband med utvikling av den indre ferjefrie vegen.

Alternativet med ferjeframføring frå Vågeområdet kom nest best ut når det gjeld kost/nytte for samfunnet. Det desidert dårlegaste alternativet i tabellen var framføring langs dagens line til Sandvikvåg med ferje derfrå til Halhjem.

Fylkesdelplanen for framføring av Kyststamvegen er ein plan som legg til rette for ei svært fornuftig utvikling av denne viktige samferdslesaka for heile Vestlandet. Det er ille at «synsing» totalt utan rot i fakta og ut frå lokale interesser skal skapa eit anna inntrykk i media.

Bygging av bru over Langenuen kan berre gjerast som ein del av Kyststamvegen. Det er meiningslaust å hevda at denne brua kan byggjast «seinare» som eit riksvegprosjekt. - Då får me aldri eit ferjefritt samband langs kysten av Vestlandet.

Fokuseringa på omgrepet «hurtigferjer» med gassframdrift må nyanserast mykje.

Optimal rutefart i ferjedrift ligg på 22 - 23 knop. Høgare fart er meiningslaust både økonomisk og miljømessig. Gass som drivstoff reduserer dessutan rett nok utslepp av ein del uheldige avgassar, men energimengda som går med til framdrift, vert ikkje redusert. Ferjedrift må difor reduserast så mykje som råd er. Med flytting av ferjeleiet frå Sandvikvåg til Vågeområdet, kortar ein ned strekkja til det halve. - I tillegg får ein altså den effekten at me får eit ferjefritt vegalternativ som i framtida kan utviklast.

Eg er elles ikkje usamd i at det står mykje att å gjera på vegnettet både her i Hordaland og andre plassar i landet.

Det er vidare heilt rett at dei midlane som ser ut til å verta lagde ned i investeringar i Operabygg og omlegging av trafikken i ein bydel i Oslo, kunne løyst samferdslemessige utfordringar for ein heil landsdel, - den landsdelen som i stor mon skapar verdiane som finansierer den enorme statlege aktiviteten i austlandsområdet.

Av Lorentz Lunde

ordførar i Tysnes