Demokratiet er for lengst daudt, byggjer på menneskeleg dårskap. Alt skal byggja på dei frie marknadskreftene, kapitalisme ikledd fåreskinn. Har det ikkje vore kaos i norsk helsevesen før, vert det no. I det rike Noreg har vi ikkje råd til å utdanna nok norske legar, men må ty til utanlandske, jamvel frå fattige utviklingsland, som treng legane sårt sjølve. Alle ynskjer å gå til ein lege som ein har tillit til. Korleis kan ein ha tillit til ein lege utan etikk, eller til ein lege frå eit utviklingsland, når ein kjenner tilhøva i landet legen kjem frå?

Vi som har vakse opp i dette samfunnet, gjennom eit langt liv, kjenner samfunnet og menneska, og i nærmiljøet kjenner ein menneska på familiane, for fruktene fell ikkje langt frå stammen. Det slår ikkje feil. Vi lever i eit egoistisk og sexualisert samfunn, der alt dreier seg om sex og pengar. Tilhøva er ikkje betre mellom legar enn mellom folk flest. Ingen kan skoda hunden på håra. Vi har det samfunn vi fortener. Kjærleik er å utnytta sine medmenneske økonomisk og seksuelt. Heile samfunnet er bygt opp på illusjonar, svik. Alt ein føretek seg er dømt til å mislukkast, for ein byggjer på ein forkrøpla tankegang, egoisme – alles kamp mot alle.

Olav Eide,Bygstad