Mor til ei toårig jente er oppkava på telefonen. Ho hadde vore på klesinnkjøp for jentungen og fann stort sett berre små kopiar av sexy motekle. Ho var oppgitt og lurte på kva ein gamal kvinne— og likestillingsforkjempar kunne ha av oppfatning om fenomenet? Frå om lag ti år tidlegare:Mor og dotter står på ein metrostasjon i Paris og filosoferer over ein prangande reklameplakat på motsett side: Ein torso av ein kvinnekropp, der skjørtet bles mot eit hovud som mangla, og viste fram det meste, under dekke av ei minitruse. Kva det blei reklamert for? Definitivt ikkje underty.Mor og dotter var hjarteleg samstemte om at slik reklame ikke fanst heime, og ikkje ville vi få sjå det heller, i eit land som på det tidspunkt hadde politisk styring på viktige samfunnsområde, og der kvinnene hadde kjempa seg til relativ stor grad av likestilling. Ja, så feil kan ein ta og så fort kan det gå!

Marknadstilpassing og kommersialisering invaderer og okkuperer oss overalt. Vekselverknaden av påverknad og tilpassing er effektiv. Vi let oss drive med, og gløymer snart at vi ein gong meinte at dei svakast stilte, barna t.d., var avhengig av at det blei teke ansvar, bl.a. ved demokratisk styring av utviklinga.

Som framleis samfunnsengasjert menneske, registrerar eg ikkje berre forsøk på ein stadig meir aggresiv påverknad av barn og unge og deira meir og mindre kjøpesterke foreldre, men heldigvis også ein gryande opinion mot utviklinga.

Skolane blir forsøkt gjort til arenaer for marknadsføring og påverknad på den eine sida, og på den andre sida stilt overfor krav og forventningar om å stå imot presset og gjere elevane i stand til å bli bevisste forbrukarar.

Er det grunn til å fatte lit til at skolen kan vinne denne verdikampen når samfunnet elles er meir og mindre oppslukt av marknaden?

Skolen er forplikta til å gi elevane opplæring og oppseding slik at dei kan bli gagns menneske. Dette er sjølvsagt svært krevjande. Eit imponerande arbeid blir også utført av dei som har skolen som arbeidsplass. Det er rett at den samfunnsinstitusjon som møter alle, skal kunne legge til rette for at barn og unge kan bli i stand til å takle dei utfordringane som kjem.Men det er ikkje å undre seg over at mange av oss sukkar tyngre for kvar gong mediefokusering på ulike negative fenomen, fører til nye handlingsplanar og enda større forventningar om at skolen skal lukkast der andre ser ut til å ha gitt opp.

Og no gjeld det altså kommersialiseringa og sexifiseringa av barnekroppen, særleg jentekroppen.

Dette må også sjåast i samanheng med det vi opplever som stadig fleire overgrep mot barn. Kan vi vente at menn med pedofile tendensar ikkje let seg påverke? Vi veit mykje om slike personar sitt reaksjonsmønster og årsakingar for sine overgrep. Eg er redd for at effekten av å kle ut småjentene som sexobjekt ikkje nettopp fremmar impulskontrollen til slike personar. Foreldra som kjøper slike klesplagg kan ikkje vere bevisste risikoen.Mange ser ikkje signaleffekten. Dette er berre «mote», og jentungen er søt i «voksne» klær. Men det er grunn til å vere føre var og ha ei kritisk haldning til det bransjen prøver å prakke på oss. Når slike kle er in og vanleg, skal det mykje til for ungdom på leit etter eigen identitet og i den mest sårbare alderen å stå imot. Dette ansvaret kan ikkje overlatast til dei. Kynismen har inga grense når produsentar av ungmotekle lagar modellar som er to nummer mindre enn merkinga; og elles tilbyr barn og unge som dei trur er trendsettarar, gratis klesplagg.Det er på høg tid at det blir danna ein allianse mellom foreldre, fagfolk og politikarar som er villige til å ta styringsgrep. Dette kan gi resultat og bli til noko meir enn sukk og stønn og kortsiktige symbolske handlingar. Kanskje er det heller ikkje for seint å få viktigare tema enn størrelsen på vår eiga lommebok inn i valkampen?

Av Kjellbjørg Lunde