Etter innsats frå vener i krinsen rundt Yassir Arafat, og norsk diplomati, er han henta ut av fangeholet på 100 x 60 centimeter tre etasjar under bakken i Damaskus, og busett på Evanger. No kjenner han seg litt isolert der også.

Imponert over Rød-Larsen

— Bergen er ein fin by, og Terje Rød-Larsen er ein dyktig diplomat. Han kan sanneleg seia mykje utan å seia noko som helst, seier Azayyadi og let fingrane løpa over tastaturet.

Uforståelege teikn dukkar opp på skjermen og dannar liner feil veg, frå høgre mot venstre. Snart er artikkelen å lesa på internettsidene amin.org for den som kan arabisk.

Dramatisk

Som eldste gut i en søskenflokk på ti, smerter det Habib at han ikkje er Irak og tek på seg pliktene som familieoverhovud slik arabisk tradisjon tilseier. Men som ung melde han seg til teneste for palestinarane si sak. Han vart alvorleg skadd då Israel gjekk til åtak på Libanon i 1982. Eit heilt års sjukehusopphald i London, lækte ikkje alle skadane. Høgre leggen plagar han framleis.

Redaktør

I 1983 vart han sjefredaktør for eit stort palestinsk magasin i Beirut.

Redaktøren kom på kant med regimet i Bagdad. Også syrisk etterretning fatta interesse for han. Syrarane «styrer butikken» i Libanon, og i 1997 vart han kidnappa, fekk bind for augo og vart køyrt i bil til Damaskus. Etter ein månads tortur og halvtanna års fengselsopphald tre etasjar under bakken, fekk norske styresmakter han ut av fengselet mot å senda han til Noreg.

Takknemleg, men ...

— Eg er svært takknemleg for at nordmennene fekk meg ut av fengselet, misforstå ikkje, men eg skjønar ikkje kvifor eg ikkje får ein jobb så eg kan gjera nytte for meg, seier han.

Han ser fram til å kunne flytta til Gaza-stripa. Der er han sikker på å kunne trivast, men ikkje før Palestina er sjølvstendig stat. Han trur ikkje han kunne overleva eit møte med ein israelsk vaktpost.

Abo Amar

— Det er vakkert i Gaza, men viktigast er at det er vår by og vi kan leva vårt liv, saman med venene til Abo Amar, filosoferer han.

— Abo kven?

— Yassir Arafat. Etter arabisk skikk blir han kalla så fordi faren heiter Amar.

— Amarson men andre ord, til samanlikning med islandsk og tidlegare norsk namneskikk?

— På sett og vis, men abo betyr det motsette av son. Abo Amar betyr at han er far til Amar.

— Men har ikkje Arafat berre ei lita dotter?

— Det spelar inga rolle. Har han ingen son, forskotterer vi at han får ein som bli oppattkalla etter farfaren. Yassir Arafat har gått under namnet Abo Amar sidan han vart vaksen.

FRÅ DAMASKUS TIL EVANGER: Irakaren Habib Azayyadi sat lenge i eit fangehol på 100 x 60 cm tre etasjar under bakken i Damaskus. No er han busett på Evanger.
Foto: Arne Hofseth