Dei drøfta felles strategiar for å tryggja matsikkerhet, levande bygder og miljøomsyn i dei pågåande jordbruksforhandlingane i Geneve i Verdas Handelsorganisasjon, WTO. Ikkje mange her heime er klar over at dette samarbeidet starta i Ullensvang somma-ren 2000, og at ei lita bygd i dei norske fjordane skulle få ei sentral rolle i den internasjonale storpolitikken. Det heile er ei utruleg historie om korleis eit lite land kan påverka dei store aktørane om ein berre arbeider målbevisst og ser mogleg-heitene i internasjonalt samarbeid.

I jordbruksforhandlingane i WTO er det mykje som står på spel. Dei store matvareeksporterande land, slik som Australia, New Zealand, Canada, Argentina, og til dels USA, ønskjer frihandel med matvarer og eit strengare internasjonalt regel-verk som sikrar marknadskreftene sitt frie spel og effektivt hindrar for mykje statleg engasjement til støtte for nasjonalt jordbruk.

Alle medlemsland i WTO, inkludert Noreg, har forplikta seg til forhandlingar om reduksjonar i statleg støtte og importvern, men har samstundes gjort det heilt klart i forhandlingane at det vil vera umoleg å imøtekoma dei mest yttar-legåande krava om liberalisering. Heldigvis er Noreg langt frå aleine om desse synspunkta, og det var bakgrunnen for at Noreg for to år sidan tok initiativet til ein stor internasjonal konferanse om dei såkalla ikkje-handelsmessige omsyn (non-trade concerns, NTC, på engelsk).

Dei ikkje-handelsmessige omsyna omfattar m.a. matsikkerhet, behovet for å sikra le-vande bygder og ulike miljø— og kulturhensyn som biologisk mangfald, levande kulturlandskap og kulturarv-verdiar knyta til jordbruket. EU-kommisjonen, Japan, Korea, Mauritius og Sveits stilte seg bak Ullensvang-initiativet som medarrangø-rar og i alt var eit førti-tals land representert på konferansen som gjekk av stabelen i juli 2000.

Utfallet av Ullensvang-konferansen vart like etter oversendt jordbruksforhandlingane i Geneve som eit offisielt forhandlingsinnspel frå i alt 27 land (EU rekna som eit land). Dette innspelet framkalte uvanleg mykje diskusjon i Geneve, og mange land tok ordet for fyrste gong i forhandlingane til støtte for dei ikkje-handelsmessige omsyn.

Som eg understreka i hovudinnlegget mitt på Roma-konferansen er det ingen tvil om at Ullensvang representerer eit vass-skilje i WTO-forhandlingane. Gjennom Ullensvang-prosessen vart det tydeleg for alle at ein stor del av medlemslanda i WTO, både utviklingsland og industrialiserte land, er særs opptekne av å sikra dei ikkje-handelsmessige omsyn i for-handlingane.

Vidare er det klart at desse omsyna ikkje kan sikrast utan nasjonal jordbruksproduksjon, og at statlege tiltak gjennom eit breidt spektrum av verkemiddel ofte er nødvendig, særleg i land med vanskelege produksjonstilhøve. For vår del, med eit hardt klima, små gardsbruk og høge kostnader, inneber det både monaleg budsjettstøtte og eit solid import-vern.

Gjennom eit stille diplomati har dyktige medarbeidarar i Landbruksdepartementet og Utanriksdepartementet samarbeidd tett med sine kollegaer i dei andre arrangørlanda bak Ullensvang-konferansen, og nye konferansar gjekk av stabelen på Mauritius (mai 01), i Doha i Quatar (i tilknytning til WTO sin ministerkonferanse, november 01) og no i Ro-ma i førre veke. Ettersom EU-kommisjonen representerer 15 ulike land var i realiteten bortimot halvparten av alle med-lemsland i WTO representert på Roma-konferansen.

WTO-forhandlinane går no inn i ei avgjerande fase. Det er lagt opp til at eit utkast til nye jordsbruksavtale skal vera klart innan 31. mars neste år. Viktige avklaringar gjenstår. Grunnlaget er likevel lagt, og Ullensvang-prosessen og den siste konferansen i Roma gjev meg grunn til optimisme på vegne av norsk jordbruk og dei nasjonale interessene som bortimot eit samla Storting meiner at jordbruket vårt representerer.

Forhandlingslandskapet i Geneve er uoversiktleg med eit mangfald av interesser og store utfordringar. Då er det desto meir oppløftande for ein norsk landbruksminister å konstatera at Noreg ikkje er aleine, og at eit lite land gjennom alliansebygging og målbevisst innsats kan spela ei betydningsfull rolle på den internasjonale arena.

Kollegaene mine frå andre land, både frå fjern og nær, gjev honnør til Noreg og legg ikkje skjul på at Ullensvang er blitt eit viktig begrep i den multilaterale handelspolitikk-terminologien. Aldri har vel "utenfor-landet" vore ein mindre dekkande merkelapp.

Av Lars Sponheim, landbruksminister