Noreg og somme andre land hevdar at såkalla ikkje-handelsmessige omsyn må tilleggjast stor vekt i desse tingingane. Slike omsyn omfattar mellom anna trygg mat, levande bygder og miljø— og kulturomsyn slik som biologisk mangfald, levande kulturlandskap og kulturarvverdiar knytte til jordbruket. Dette tingingsutspelet er vorte kjent som Ullensvang-initiativet etter Ullensvang-konferansen i juli 2000.

Tradisjonelt norsk landbruk kan ikkje, med svært få unnatak, konkurrera på verdsmarknaden med eigne landbruksprodukt. Opnare handelsgrenser og krav om reduksjon i støtteordningar også i Noreg gjer at mange landbruksproduksjonar difor får vanskar med å halda oppe lønsemda. Dette er noko av årsaka til dei endringane som går føre seg i norsk landbruk; bruksnedleggingar og samanslåing til større driftseiningar. Med dette følgjer store endringar i kulturlandskapet, i første rekkje attgroing, slik Kvamme understrekar i sin kronikk «Norge gror igjen» i Aftenposten 10 august.

I fruktbygdene på Vestlandet gjer desse problema seg særleg gjeldande. Her er brukseiningane små, terrenget vanskeleggjer effektiv drift og det har vore sterk konkurranse om arbeidskrafta frå andre næringar siste 10-åra. Difor ser me i dag at større og mindre areal vert lagde ned og gror att. Dette medfører tap av nettopp desse verdiane som kjem inn under «ikkje-handelsmessige omsyn». Her får dette ekstra store økonomiske verknader ut over sjølve fruktnæringa; desse bygdene er turistmagnetar, ikkje minst på grunn av kulturlandskapet, kulturarvverdiar og biologisk mangfald. Det vert hevda med styrke frå turistnæringa at vedlikehald av desse verdiane vil vera ein av grunnpilarane i denne næringa også framover.

I Hardanger tek no fruktdyrkarane sjølve initiativ til omfattande omleggingar for å effektivisera produksjonen. Eitt av tiltaka er bygging av eit nytt samvirkefruktlager som vil samla mange av dyrkarane i Ullensvang, Ulvik og Kvam. Lageret vert det største fruktlageret i landet. I Sognebygdene vert liknande endringar diskuterte. Styresmaktene støttar opp økonomisk om dette arbeidet. Dei bør no ikkje avgrensa slik støtte til bulkproduksjon av eple. Konkurransen der er alt tapt overfor dei store epleeksportørane på verdsmarknaden.

Skifte av dyrkingskulturar (søtkirsebær, bringebær og hageblåbær til friskkonsum) er også tiltak som vert iverksette for å styrkja økonomien i næringa. Dette påverkar kulturlandskapet.

Det må vera ei målsetjing å utvikla produksjonar i desse bygdene som sikrar dyrkaren tilfredsstillande økonomi, kombinert med at viktige samfunnsinteresser vert ivaretekne. Dette gjeld ikkje minst ýikkje-handelsmessige omsyný. For næringsutøvarane i desse bygdene vil det difor verta avgjerande at Noreg på lengre sikt får gjennomslag for sine krav om å kunna bruka eit breitt spekter av økonomiske verkemidlar i landbrukspolitikken, i samsvar med Ullensvang-initiativet.

På kortare sikt bør styresmaktene no nytta høvet til å visa bruken av slike verkemidlar i praksis. Det ligg godt til rettes for utviklingsarbeid på dette feltet i ei lita og oversiktleg næring som norsk fruktproduksjon. Effektiviseringsstøtta, som er viktig nok, bør difor følgjast av målretta utviklingsmidlar. Slike midlar er ýlovlegeý, og er ikkje rekna som produksjonsstøtte. Dersom bruken vert målretta, er det ein god måte å støtta norsk landbruk på. Midlane bør nyttast i eit vidare perspektiv enn dei verkemidla som tradisjonelt vert tilbode i dag (Verdiskapingsprogrammet, STILK og andre). Samverknad med andre næringar slik som turistindustrien, forbrukarinteresser i form av krav til rimeleg og kvalitetssikra mat, og ikkje minst kva kulturlandskapet har å sei for oss som bur i og omkring fruktbygdene, bør stå sentralt i slikt utviklingsarbeid.

Rapportar med resultat frå slikt utviklingsarbeid bør vera gode papir å ha med seg i kofferten for landbruksministeren vår når han i åra framover dreg ut i verda for å målbera Ullensvang-initiativet og Noreg sine interesser i framtidige WTO-tingingar.

Av Lars Sekse,forskingssjef, Planteforsk Ullensvang forskingssenter