Dei har i sitt budsjettforlik med regjeringspartia lagt opp til ein halvveis videreføring av eldreplanen. Det er behov for 9300 plassar, men vil berre verta gjeve tilskot til 5000. Dette er eit svik mot dei eldre, og ein dårleg nyheit til kommunar som allereie har sett igong utbygging dei kanskje ikkje vil få finansiering til.

Framstegspartiet har tidlegare gått inn for ei statleg toppfinansieringsordning for dei særleg ressursskrevande brukarane. Dette går dei nå vekk frå, og har i Stortinget stemt imot forslag om å innføra ei slik ordning. Dersom Frp hadde stemt for hadde det vorte fleirtal på Stortinget for ei statleg toppfinansiering, noko som hadde betydd svært mykje for mange brukarar og mange kommunar.

Sigrid Brattabø Handegard, leiar Hordaland Senterparti.