Eg er berre middels interessert i fotball. Berre unntaksvis orkar eg meir enn tre fjernsynskampar pr. dag.

Slik høyrer eg ikkje til blant dei om lag tre prosent av det norske folket som aldri kan få nok fotball. Men det vart ei fin helg. Både Arsenal og Vålerenga vann sine kampar. Eg kan ikkje heilt gjere greie for kvifor eg held med dei laga. Det har berre blitt slik gjennom alle år trass i at dei sant å seie har gitt meg meir sorger og dårleg spel enn gleder og store opplevingar. Likevel kjem eg nok til å gå i grava med klår visse om tabellsituasjonen for dei to, sjølv om det skulle bli slik at det ikkje er så mykje anna eg greier å halde rede på.

Det er eit lite mysterium at fotballen har eit slikt tak på folk. Her heime er det nå den einaste idretten som fortener nemninga masseidrett både fordi så mange er interessert, men først og fremst fordi det er så ulike mange fleire som er aktive enn i noko anna idrettsgrein. Også internasjonalt er vår europeiske form for fotball i ferd med å slå ut alle andre idrettar. For meg er den viktigaste forklaringa at ballen er rund. Fotball er eit spel med små marginar. Tilfeldige episodar og flaks spelar ei sentral rolle. Taktikk er ein svært avgjerande ingrediens i spelet. Det er eit lagspel i djupare tyding av ordet, men samtidig er strålande einskildprestasjonar og artisteri nødvendige føresetnader for suksess.

Nokon prøver nå å lansere korgball som eit alternativ. Det er eit spel som kjem høgt opp på lista over dei ti mest idiotiske idrettsgreinene. Vinnarsiffer som 125 mot 108 appellerer kanskje til mindreårige og folk som har vondt for å få tida til å gå. Men sjølv ein dårleg fotballkamp har meir substans enn slike lekamsøvingar.

Eg har prøvd å forklare for Kåre Willoch og andre fotballignorantar kvifor dette er eit viktig spel. Dei blir tomme i blikket når eg legg ut om kvifor Drillos banebrytande arbeid med scoringar er stor og nyttig forsking. Dei skjønar heller ikkje kva viktig sosial rolle fotballen spelar i vårt samfunn. Men i veka som gjekk var eg med og feira to hundreårsdagar som kanskje kan tene som illustrasjon og få nokon fleire til å ta evangeliet inn over seg.

Først var eg til stades på 100-årsmarkeringa for Norges Fotballforbund. Der stod heile breidda av norsk idrett fram og gratulerte storebror. Fotballforbundet er eit mønster for god administrasjon, levande organisasjon og bra tillitsmannsarbeid. 350.000 nordmenn spelar fotball. Kvart år har forbundet over 20.000 menneske engasjert i utdanning og opplæring. I slummen i Nairobi og mange andre stader i Afrika kan unge og gamle fortelle om at det norske fotballforbundets arbeid for dei er skilnaden mellom eit meiningsfylt liv og noko heilt anna. Frå eiga røynsle kan eg legge til at det norske fotballforbundet i motsetnad til mange andre delar av idrettsrørsla heime og ute aldri er blitt så glade i pengar at dei har tapt dei viktigaste perspektiva på det dei driv med. Forbundet fortener alle godorda.

Likevel vart kanskje ikkje det viktigaste sagt. Det gjekk opp for meg dagen etter då eg reiste til Eidsvoll for å halde 1. mai-tale. Det er ein stad i fedrelandet som står meg svært nær fordi eg budde der i tre svært avgjerande ungdomsår. I tillegg er Arbeidarpartiet i Eidsvoll 100 år i år og det er 100 år sidan det første 1. maitoget i bygda. Jubileumsfeiring gir alltid perspektiv, og i år hadde samarbeidskomiteen av DNA og LO bede oss om å reagere mot rasisme. Det var då det gjekk opp for meg at eg dagen før hadde vore gjest hos ein enda viktigare antirasistisk organisasjon.

Fotball er den einaste idretten der det ofte er nødvendig fysisk å skilje tilhengjarane mellom dei to laga. Dei siste tiåra heftar det ved fotballen ei lang liste av utrivelege og dramatiske hendingar. Ingen annan idrett har så nært samband til stygge valdsepisodar. Og då snakkar vi ikkje berre om stygge slagsmål, men også om drap og mord. Sunn patriotisme blir i fotballen ofte til farleg sjåvinisme og dum nasjonalisme. Dette er den idretten som gir best grobotn for nynazistiske rørsler og aggressiv rasisme. Boksing, rugby og andre idrettar kan nok ha element av det same. Men omfanget av problema og utfordringa ved å gjere noko med det er uendeleg mykje større i fotballen.

Vårt fotballforbund og mange klubbar har alt i fleire år vore i front når det gjeld å markere motstand mot rasisme. Medan mange av oss kjem unna denne utfordringa ved å slutte seg til parolar og vedta resolusjonar, har fotballen vore nøydd til å gå til rota av problemet og konfrontere rasismen der han ovrar seg i eigne rekker. Den kampen er ikkje over. Men kanskje med unntak av skuleverket er fotballen den viktigaste arenaen for den for oss alle så livsviktige striden for toleranse og pluralisme. Mange av oss er flinke til å lage bra foredrag om slikt. Men ingen av oss har gjort noko nær så gode dagsverk som dei som i Klanen og andre supportarklubber har teke opp kampen mot styggedommen og langt på veg utrydda den i eigne rekker.

Fotballen har framleis mykje arbeid å gjere før idretten kan friskmeldast i så måte. Eg ønskjer meg enda klarare haldningar og større medvit mot den mest stupide sjåvinismen. Men det store lyspunktet er at dei tillitsvalde i fotballen er merksame på sitt ansvar, diskuterer problemet og brukar menneskelege ressursar og pengar på å komme det til livs.

Kom ikkje her og sei at fotball ikkje er viktig. Neste helg skal Vålerenga møte Lyn til toppmøte i landets fotballhovudstad. Så kan de sitje der i Bergen og Trondheim og spekulere på om ikkje dei kjenslene og engasjementet dette utløyser hjå dykk også kan brukast til noko alvorleg og nyttig.