Ikkje minst undra vedkommande på kvifor AUF kunne vere så primitive at dei søkte om å starte sin skule «sosialdemokratiske disiplar» bygd på ein kristen privatskulemodell, når dei eigentleg var negative til dette konseptet?

Er det verkeleg slik at AUF er motstandar av ein skule for alle? Eller gjer me dette for å statuere eit eksempel?

Kanskje vil me gjerne at kløfta mellom fattig og rik i Noreg skal aukast, gjerne gjennom ulik kvalitet på skuletilbod.

Kanskje vil me ha det som i Sverige der det syner seg at liknande ordningar forsterkar etnisk, sosioøkonomisk og prestasjonsmessig segregasjon.

Kanskje er AUF ei gruppe som ønskjer å lukke våre born inne i kjellaren på folkets hus og amme dei i sosialdemokratiets rette ånd.

Kanskje vil me gjerne ha det slik som i Tyskland der privatskular har resultert i at dei velståande vel skular utan forstyrrande element som elevar med utanlandsk bakgrunn.

Tenk om Arbeidarpartiet som KrF sin representant hevdar verkeleg er ei sekt, og tenk om me ville hjernevaske våre disiplar med sosialdemokrati som det einaste rette. Ville det vera greitt? Er det plankekøyring for KrF å akseptere at kven som helst skal kunne utdanne framtidas norske borgarar utan eit einaste overordna perspektiv?

La oss håpe at Thomas Moltu har litt pengar i banken. Då kan han kanskje kjøpe ein studiestad med kvalitet til sine etterfølgjarar. Eller kanskje han kan starte sin eigen statleg støtta skule for spesielt utvalde KrF-entusiastar i Fyllingsdalen.

Det er mogleg at herr Moltu meiner å ha alle svara her i livet, men eg har dei ikkje og heller ikkje AUF. Vår søknad er ein protest mot innføring av eit norsk klasseskilje. Det er skremmande at KrF ikkje ser konsekvensane av det dei har gjort.

ANDRÉ NERHEIM, FYLKESSEKRETÆR AUF HORDALAND