Det er Havforskningsinstituttet i Bergen som sidan 1997 har studert langtidseffektar av såkalla alkylfenolar som finst i dei enorme utsleppa som følgjer etter at olje og gass er separert frå utvunne reservoarmassar. Oljeselskapa avdramatiserer funna.

Alkylerte fenolar er eit organisk kjemikal som er akutt giftig for fisk. I det produserte vatnet som blir sleppt ut frå norske oljeplattformer er alkylfenolane sterkt utvatna. I totalt 100 millionar kubikkmeter utsleppt produksjonsvatn på norsk sokkel i 1999, var det vel 15 tonn alkylfenolar.

Dei neste åra må oljeselskapa investera milliardsummar i reinse— eller reinjiseringsteknologi for å innfri Statens forurensningstilsyn (SFT) sitt krav om nullutslepp frå produksjonsvatn innan 2005.

- Forbausa

— Vi blei forbausa då vi fann at sjølv svært låge konsentrasjonar av alkylfenol i sjøvatn kan gje ein hormonell effekt på torsk, mykje lågare konsentrasjonar enn det som før er rapportert, seier seniorforskar Asbjørn Svardal ved Havforskningsinstituttet til Bergens Tidende.

Instituttets torskeprosjekt er støtta av Oljeindustriens landsforening (OLF) og Norges forskningsråd. Forsøka med alkylfenol har skjedd i utandørskar. Rapporten om hormonforstyrringane er den første av tre i prosjektet.

I forsøket fekk hofisk som blei utsett for alkylfenolar ein markant nedgang i nivået av det kvinnelege hormonet østrogen,. Dei utvikla dessutan mindre rogn.

Hanntorsken tok til å produsera vitellogenin, eit protein som hannfisk normalt ikkje har

«Sterkt overdrive»

Oljeselskapa meiner faren for torsken i Nordsjøen er sterkt overdriven i omtalar av Havforskningsinstituttets studie.

— Det står att å finna ut kva relevans studien har for utslepp på norsk sokkel. Alt tyder på at problemet er avgrensa til fisk i område tett inntil installasjonane, seier seniorforskar Toril Utvik i Hydro til Bergens Tidende.

Utvik er Hydros representant i arbeidsgruppa som OLF (Oljeindustriens landsforening) har etablert for å handtera utsleppsproblematikken.

— Vi har arbeidd sidan 1994 med å få oversyn over kva vi slepp ut på sokkelen og korleis utsleppa spreier seg og påverkar livet i sjøen.

— Vi er innforstått med SFT-kravet frå i fjor om null-utslepp innan 2005, og er villige til å reinsa produksjonsvatnet som gir størst risiko. Meir reinjisering har den ulempen at det er energikrevjande og såleis gir auka CO2-utslepp, seier Toril Utvik.

Å satsa på reinjeksjon av produsert vatn kan på enkelte oljefelt kosta opp mot 200 millionar kroner, ifølgje oljeselskapa sine innrapporteringar til SFT i fjor.

MILLIARD-KOSTNAD: Oljeselskapa må investera milliardar i reinseutstyr for å innfri Statens forurensingstilsyn sitt krav om nullutslepp frå produksjonsvatn frå oljeplattformar innan 2005.
Arkivfoto