TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.noFørde Klokka 1910 tysdag sjekka florøværingen Arild Strømmen inn på fortauet framfor den nye Norema-butikken i Førde. Lokka av annonse om at førstemann innom når Norema opnar i nye lokale i dag, får eit nytt kjøkken til 50.000 kroner.

— Eg trur eg sov litt i natt, men mykje var det ikkje, fortel han då Bergens Tidende stikk innom onsdag ettermiddag.Godt kledd i termodress sit han trygt i eigen medbrakt hagestol som nummer ein i Norema-køen.- Det har vore litt kaldt, ja. Temperaturen er ikkje på vår side, for å seie det slik, konstaterer Strømmen i det gradestokken kryp farleg nær minus ti i Førde sentrum.

Natt til i går utgjorde Strømmen køen åleine. Difor tok han sjansen på å setje seg inn i bilen. Men onsdag morgon dukka førdianaren Gunnar Arne Haaland opp med sovepose og liggeunderlag. I natt bur dei to seg på å overnatte ute. Framfor inngangsdøra.- Det må vere likt for alle, konkluderer Strømmen. Han har med seg to soveposar i bilen. Begge var i ferd med å pusse opp huset, då Norema-annonsen kom i lokalavisene. - Som bestilt, meiner dei to.Nummer tre til 25 i køen får 40 prosent avslag. Difor reknar dei to med å få selskap av fleire før dørene vert opna i dag.

Og då gjeld det å halde sin plass i køen. På veggen har dei laga kø-lapp, slik at alt skal gå rett føre seg:1. Arild Strømmen2. Gunnar Arne Haaland- Til dyrare kjøkken eg kjøper, til meir sparer eg, ler Haaland.- Betalinga er trass alt god. Det vert vel som ein brukande timeløn for ein konsulent, meiner Strømmen.