Det er Sogn Avis som fortel at det var Per Hjermann og jaktlaget i Sogn som venta på Kongen denne fredag ettermiddagen.

Susa for kjapt

Kongen var berre knappe to timar frå Lærdalsøyri, med «normal» køyring over Hemsedalsfjellet, då han susa for kjapt inn i radarstrålane aust for Gol,— og vart vinka vidare av ein smilande politimann i vegkanten.

Overnatting skjedde i Hjerman si jaktkøye på Lusahus. I tre dagar pågikk den kongelege jakta, som enda med sogne-hjortesteik i frysarane på Slottet.

Felte to hjortar

Det kongelege jaktlaget felte to hjortar.

— Me hadde fine dagar i fjellet, veret var kaldt med ned til 13 minusgrader, seier kongevert Hjermann.

Inne i Lusahus-bua er det ikkje akkurat femstjerners luksus, men i det minste ein vedomn og eit skåp. Med mat.

Mobildekningen er null i dette fjellområdet fortel Hjermann, som røpar at Kongen derfor ikkje fekk høyre at radarepisoden var bretta ut over heile førstesida laurdag, i eine tabloiden i Akersgata, før han kom ned frå fjellet måndag ettermiddag.