Forslaget frå regjeringa medfører ei så sterk nedskjæring i antal soldatar at det i praksis betyr ei undergraving av den ålmenne verneplikta. Dette kan ikkje Kristeleg Folkeparti godta.

Me treng ei omlegging av Forsvaret slik at me får eit meir effektivt og framtidsretta forsvar. Det vil Kristeleg Folkeparti medverka til. Men me må også tenkja langsiktig, for dagens trusselbilete kan endra seg i løpet av relativt kort tid. Det har me dessverre sett før.

I løpet av våren skal Stortinget behandla langtidsproposisjonen om Forsvaret. Kristeleg Folkeparti er innstilt på at me gjennom denne prosessen skal syta for at landet framleis har ei ålmenn verneplikt, og at me får eit meir mobilt, robust og fleksibelt forsvar som i samarbeid med våre allierte kan forsvara vårt territorium både til lands og til sjøs.

INGEBRIGT S. SØRFONN,STORTINGSREPRESENTANT KRF