Ordførarar og rådmenn kring møtebordet var alle samde om at dette er eit arbeid som må gjerast grundig. Det var då svært naturleg å velja Kvinnherad med ordførar Aksel Kloster. Den mest solide politikaren av forsamlinga, som alt har lagt lista for debatten og kan fagspråket.

Sjølv har eg hatt så avgrensa omgangskrets at eg ikkje veit mitt eige beste. Dette er sjølvsagt ein uhyrleg påstand. Først og fremst fordi han sannsynlegvis er heilt sann. Men han fortel neppe heile historien. Det har heilt klart sine fordeler å kjenna seg sjølv og sin stand.

I fleire aviser, mellom andre Bergens Tidende og HF, har ordførar Aksel Kloster invitert meg til hans kjære kommune. Takk for invitasjonen. Eg gler meg til sumaren. Det vil verta kjekt å få koma i lag med folk som ikkje alltid har hatt det så vondt. Folk som har vore ein tur ut i den vide verda, kome heim proppfulle av nye inntrykk og mykje godt. Eg går utfrå at vitjinga vert ein del av forstudie. Kyrkjeboka fortel ikkje heile sanninga. Og eg vil nytta høvet og fortelje litt om Ullensvang, ein stad nord-aust om fjella. Ikkje øydelegge idyllen, passa meg vel for Baronens seng, og fylgja prosessen. For prosessen er viktig, mogeleg viktigare enn resultatet. Og som ordførar i Jondal, John Skogset seir, «Ingen skal føle at dette er noko me berre durer i veg med».

P.S. Det hadde gledd meg mykje om vitjinga kunne samordnast med opninga av Folgefonntunnelen.

TORGILS L. JÅSTAD