37-bilarsferja har gjennomgått minimale endringar i eksteriør og interiør, og er i god stand. Ho har nyleg gjort ein solid innsats som suppleringsferje i sambandet Leirvik — Ranavik - Sunde. For halvannan million kroner blir ho selt ut av HSD-flåten for å bli flytande museum kombinert med blåturfartøy og innleigebåt for HSD når fast ferjemateriell ikkje strekkjer til.

— Vi har meldt frå til Riksantikvaren og HSD at vi ønskjer å freda ferja. Endringa av Kulturminnelova i fjor gjer det mulig, seier førstekonsulent Stein Ottosen i Hordaland fylkeskommune sin kulturseksjon til Bergens Tidende.

— Så å seia alt om bord er originalt, frå Wichmann-motoren til bestikket i byssa. Båten er bruksvenleg og eignar seg til alle typar trafikk med sine opne dekk og to store salongar, seier Ottosen.

Veteranskipslaget Fjordabåten kom først med ideen om å verna ei typisk vestlandsk bilferje. Ideen blei overlevert fylkeskommunen, som før årsskiftet truleg gjer kjøpsavtale med HSD. Innan 1. februar skal ei eiga stifting vera etablert til å ta seg av drifta av fredingsobjektet.

— Vi har møtt full forståing hos både Riksantikvaren og vegvesenet, seier Stein Ottosen.

Skånevik i Etne og Leirvik på Stord er i tillegg til Bergen aktuelle heimehamner for den freda ferja.

— Men Salhus, landets einaste freda ferjekai, kan òg vera aktuell, seier Stein Ottosen.

To tidlegare HSD-kapteinar har kome med tilbod om å gjera teneste på brua. Dei første leigebestillingane er komne alt før ferja er vedteken freda, som i seg sjølv er ein omstendeleg prosess