Når ein kjenner denne saka og veit korleis kommunar og fylkeskommune strevar med knappe ressursar, kan ein ikkje uttrykke anna enn overrasking over politikarar som brukar stillinga si på slikt. Hordaland fylke skal spare 4,7 millionar på skulesektoren, dette skjer mellom anna ved samanslåing av skular med opptil 1400 elevar og ved å stille strengare krav til oppfyllingsgraden i klassane. Samtidig brukar dei ressursar på å bygge opp eit tilbod i Etne, 15 km unna Ølen vidaregåande skule, som allereie har desse tilboda, og som Etne har nytta seg av i alle år. Men når Ølen forsvann over fylkesgrensa, så kan ein ikkje ha dette samarbeidet lenger. Forstå det den som kan!

Alle kanalar er nå prøvde, og eg meiner at me nå må be Clemet og Solberg i departementa om vidare hjelp for å gjere det som politikarar ikkje klarer — å ta vare på og behalde det skuletilbodet me har i regionen. Dette kan skje ved at Etne vidaregåande skule blir ein avdeling under Ølen vidaregåande skule som det var før fylkesskiftet eventuelt ved samarbeid om studieretningar som ikkje konkurrerer med kvarandre. Dette vil spare både pengar og andre ressursar.

ANNE BRIT KVILAND,

LEIAR UTDANNINGSFORBUNDET ØLEN