Kanskje Ranveig Frøiland, Per Rune Henriksen, Hans Robberstad og Kari Manger kan representera den eine sida, medan Grete Knudsen, Trond Tystad, Åshild Fløysand og underskrivne kan representera den andre. Kanskje me kan be Anne-Grete Strøm-Erichsen vera ordstyrar?

Utgangspunktet for forsoningsmøtet bør vera at me sosialdemokratar trass alt er glade i kvarandre, og at me vil kvarandre godt. Møtet bør akseptera ungdomen sin rett til å vera friske og direkte. Under møtet bør me ta ein stutt leksjon om kva som er god rekneskapsskikk.

Møtet bør også dvela ved korleis dei uheldige maktstrukturane i fylkespartileiinga kan brytast ned. Ikkje minst bør forsoningsmøtet slå fast at politikken — den sosialdemokratiske bodskapen - må stå i sentrum i tida framover, i atterreisinga av partiet. Fylkespartiet, med mykje ungdommeleg kraft i ryggen, må på ny framstå som ei politisk kraft i Hordaland og i Noreg.

Av Aksel Kloster