Av Halfdan Hoddevik

Derimot kan det forundra nokon kvar at 16 personar med slik bakgrunn, medan kulturskattar og kunstverk går til grunne i mange land – for alt eg veit også i vårt eige – som fylgje av luftforureining, stiller seg i vegen for eit miljøtiltak som utan eit milligram av utslepp av noko som helst, og utan å gjera ei fluge fortred, vil kunna skaffa straum til ein ikkje så liten norsk by, nettopp for å komma slik ureining til livs.

Utspelet frå dei 16 synest også å botna i måteleg lokalkjennskap, då dei koblar vindparken ikkje berre til klosterruinane, men også til kulturminna på Dragseidet, der vindmøllene ikkje blir synlege i det heile. Klosterruinane er eit produkt av, og eit minne frå, middelalderen, og skal som slikt haldast i akt og ære. Men kyrkja har opp igjennom tidene ikkje berre vore berar av kultur. Altfor ofte har den synt seg som ein rå maktfaktor, og pavekyrkja for 500–600 år sidan var etter som eg har forstått, ikkje noko unntak i så måte. At Selje skal klamra seg til middelalderen i pietet overfor klosterruinar og kristningsstad, må såleis vera vel mykje forlangt.

Dei 16 krev respekt for Riksantikvaren si vurdering, og for all del: Respekt når respekt er på sin plass. Men kva når Riksantikvaren set ruinane på Kjerringa, jf. NVE «Bakgrunn for vedtak Stad» – krigsminna frå 2. verdskrigen – opp mot miljøtiltaket på Hoddevikfjellet, og kva når 16 presumptivt «vettuge» personar går imot at det blir bygd vindmøller 8 km og meir frå klosterruinane, men godtek fareskilting av Kyrkjevegen på Dragseidet, eit av Selje sine aller fremste kulturminne, som fylgje av ei nyleg anlagd skytebane, og at ei kreosot-bombe er oppbygd midt i kristningsstaden? Eg berre spør.

På Hoddevikfjellet vil det på grunn av mykje vind (berre Kjerringa har meir) og flatt terreng vera muleg å produsera 70 MW med 35 vindmøller, med eit minimum av grunninngrep, ved einkvar anna plassering vil eit tilsvarande anlegg krevja fleire vindmøller og resultera i langt større inngrep, kostnad og ulemper.

NVE er blitt kritisert for å låna øyre til positivt innstilte grunneigarar, men kven andre enn brukarane av fjellet, grunneigarane, er det som held kulturlandskapet der oppe i hevd? At kulturlandskapet på Hoddevikfjellet – artsmangfaldet – står og fell med gardsdrift og beitebruk, har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje teke konsekvensen av i sine høyringsuttaler vedrørande vindkraftprosjektet, og deira uttaler gjev derfor grunnlag for fleire spørsmål enn svar. Kan hende tenkjer dei høge herrar det han sa høgt, sjarkfiskaren frå Moldefjorden som braut eit par ribbein i slingring utfor Kjerringa ein vinterdag for nokre år sidan: «Stad skulle vore tømt for folk og jaga fullt av villgeiter».