Dalsfjorden-bru TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no FørdeMen Fjaler-ordførar Arne Kyrkjebø tolkar forprosjektet som nok eit signal om at Dalsfjord-sambandet i Sunnfjord nærmar seg.— Det er heilt klart ein samanheng mellom arbeidet for å få fram eit nytt forprosjekt, og at det no er aktuelt å prioritere dette sambandet, meiner Kyrkjebø. Vegsjef Lars Lefdal tømmer på si side kaldt vatn i hovudet på bruoptimistane i Dalsfjorden:- Dalsfjord-sambandet er ikkje i nærleiken av å få pengar på mange år, seier vegsjefen til Bergens Tidende. Dalsfjord-skandalen Sidan arbeidet vart stoppa på slutten av 70-talet, har det uferdige veganlegget i Dalsfjorden vore rekna som ein av dei største skamplettane i norsk veghistorie. Stortinget vedtok at Dalsfjord-sambandet skulle byggjast, men midlane vart overførte til andre anlegg. Bør fullførast I dag stoppar vegen midt i fjellveggen på nordsida av Dalsfjorden, og har dei siste 20 åra stort sett berre vore brukt av geiter.Så godt som kvar einaste norsk samferdsleminister har i etterkant av stoppordren vore på synfaring til Dalsfjorden, utan resultat. Men i samband med nasjonal transportplan som for nokre veker sidan passerte nasjonalforsamlinga, gjev dei fremste folkevalde signal om at veganlegget no bør fullførast. - Eg har sjølvsagt registrert det samferdslekomiteen har sagt, men vi har ikkje fått noko køyreordre frå Stortinget på å byggje veg og bru i Dalsfjorden. Vi kjem til å komme med eit framlegg til handlingsprogram for 2002-2011, og der vil vi halde oss til dei konkret signal vi har fått, seier Lars Lefdal.- Det betyr at Dalsfjord-sambandet ikkje kjem med?- Det har eg ikkje sagt, svarar vegsjefen.