Det eine er at etter den dyvikske standard mobbar og moraliserer han sjølv over Valestrand. Det andre er at han ser ut til å ha vanskar med å aksepterer sjangerforskjellen mellom eit avisoppslag og ein fagartikkel i sosiolingvistikk.

Valestrand set lyset på eit svært interessant tema, nemleg dei språkskifta som ikkje skjer på grunn av manglande forståing, men av andre grunnar. Dei er det mange av og dei kan vere samansette. Når ein bergensar går over frå å seie eg til å seie jeg, er det ikkje på grunn av at andre ikkje forstår. Han sender derimot ut signal som kan oppfattast, og bør oppfattast, som at vanleg bergensk ikkje er godt nok. Dette veit både den som skiftar og dei som reagerer negativt på skiftet hans. For dei begge er det snakk om moral, men det er ulik moral. Det burde ikkje vere ukjent for Dyvik at vi har ein lang tradisjon her i landet av konvertittar til talt bokmål som grunngjev det med argument av typen «jeg nekter å erindre hvor min vugge stod». At det kjem ein moralsk reaksjon på slikt frå dei som set pris på «mor sin song ved vogga», bør ikkje overraske. Moral er ikkje moralisme.

ROGER LOCKERTSEN