Foreldra fryktar endå større radonstråling hvis skulen senkar temperaturen for å spare pengar.

Frå 7.30 om morgonen til 16.30 om ettermiddagen er det 1.-klassingar i klasserom 7 på Bønes skole. I same rom vart det i mars i år målt 478 becquerel radon pr. kubikkmeter luft.

Øvre grense for radon på skular er 200.

I klasserom 16 var verdien av becquerel nær tre gonger høgare enn tillatt i vår. Nr. 16 ligg over tilfluktsrommet. Eller «radonrommet», som det blir kalla. I 1997 vart verdien av radon der nede målt til 723 becquerel, og sidan har tilfluktsrommet vore sperra.

Lufting kan vere eit effektivt tiltak for å få ned konsentrasjon av den radioaktive edelgassen i eit rom. Men i går skreiv BT at Bønes skole vurderer å setje ned temperaturen i alle rom til 19 grader, for å spare pengar.

Foreldrenes Arbeidsutvalg (FAU) er derfor uroleg for at radonfaren blir endå høgare vinterstid, fordi kjølege klasserom fører til færre opne vindauge.

— Dette er alarmerande, seier Asbjørn Krogenæs Bøe, far til to elevar og FAU-medlem.

«Luftehol» i gymsalen

Foreldra krev no at samtlege rom på Bønes skole blir målte for radon, og at det blir sett i verk strakstiltak for å få ned verdien av radongass i bygningen.

— Vi er urolege. Radongass blir samanlikna med røyking, og kan vere kreftframkallande, fortel Ingvill Arnesen, også ho mor til to elevar og FAU-medlem.

— Å tenkje på at ungane våre oppheld seg i desse romma mange timar dagleg følest ikkje trygt. Vi trur dessutan at radonstrålinga faktisk er høgare enn målingane viser, legg Bøe til.

Det var han som heilt tilfeldig la merke til at det var slått to hol i veggen på gymsalen. Bøe lurte på kva det var, og fekk vite at hola var laga for radonutlufting. Då vart han nysgjerrig, og fekk til slutt tak i ein rapport om fleire radonmålingar på Bønes skule på 90-talet. Rapporten viste at seinast i 1997 vart det funne høge førekomstar av radongass på skulen.

- Har venta for lenge

Bøe fann også ut at svært lite er gjort for å redusere omfanget av gass på skulen. I februar i år tok FAU og Statens strålevern derfor initiativ til nye målingar. Dei viste becquerelverdiar langt over det lovlege, og derfor krev FAU no at Bønes skole og Bergen kommune tek dei nye målingane alvorleg.

— Vi er ikkje er ute etter å skremme opp elevar og foreldre, understrekar Bøe og Arnesen overfor BT.

— Men noko må gjerast no . Vi har venta i sju år. No må noko skje tvert.