Politiet tek likevel ingen sjansar, og undersøkjer om spriten inneheld metanol. Samstundes understrekar politiet at dei ikkje har spesielle haldepunkt for å tru at spritpartiet kan vere frå same partiet med metanolsprit som er funne i andre delar av landet.

— Vi veit ikkje kor tid vi vil få svar på analysane, opplyser lensmann Kjell Fonn. Det var etter tips at politiet tok seg inn i ein bustad i Førde natt til søndag. Der fann dei to 25-liters kanner med sprit. I tillegg fann dei nokre tomme kanner som truleg også har vore fylte med sprit.

Mannen som eigde husværet har i politiavhøyr nekta på at spriten var hans. Etter det Bergens Tidende forstår har mannen forklart at han oppbevarte spriten for andre.