Sommar eller vinter. Karin Flatøy er alltid kledd i lange bukser og langerma gensar. Men no står ho heime på stovegolvet, og rullar sakte opp ermet på den kvite, høghalsa ullgensaren.

For første gong skal andre enn den aller næraste få sjå det ho skammar seg slik over: Kvit hud som er vansira av lange, raude arr etter brannskader og operasjonar.

Den nakne underarmen er berre ein liten del av ein kropp som er øydelagd, heilt ut til det ytterste av tærne.

Aldri t-skjorte

Ho er gift med Svein, har tre barn, jobbar som servitør og huset på Abbedissen ligg like ved fjorden. Men det er mannen som må lære ungane å svømme.

For Karin kler aldri av seg. Ho går aldri i t-skjorte eller skjørt. Nesten ingen vener eller kolleger veit om den brannskadde kroppen hennar.

— For meg har dette alltid vore flaut. Og ekkelt, fortel Karin Flatøy til BT.

I januar 1979, to månader etter at Karin fylte fem år, sklei ho ned i eit badekar med skåldande varmt vatn på barneheimen i Ørsta. Ho vart tredjegradsforbrent på seksti prosent av kroppen.

— Eigentleg var eg frykteleg heldig. Ingenting synleg fekk brannskader, verken ansikt, hals eller hender. Likevel er eg veldig bitter, seier ho.

— Seinast i fjor gjekk eg på ein stor psykisk smell, og eg går regelmessig til psykiatrisk sjukepleiar. Eg blir ikkje ferdig med det som skjedde.

Kald og naken på sofaen

Ei sterkt alkoholisert mor var årsak til at Karin Flatøy og den halvanna år eldre broren budde på barneheimen i Ørsta på Sunnmøre

Karin var to år gammal då ho kom, og budde der til ho var seks. Barneheimen vart driven av Misjonsheimen i Ålesund. I mange år klarte Karin å fortrenge minna, men dei kom tilbake i vaksen alder.

— Det var veldig strengt og kristent. Hvis vi slo oss og skreik, haldt dei oss for munn og nase, så vi ikkje fekk puste. Det var for at vi ikkje skulle forstyrre dei andre på heimen.

Ein spesiell sofa hugsar ho godt.

— Kom vi for seint, måtte vi kle heilt av oss, og ligge nakne på sofaen, utan mat eller teppe. Stoffet stakk heilt forferdeleg. Men sjølv om det var strengt på barneheimen, var det betre enn å bu heime, legg ho til.

Aleine på Haukeland

Det forferdelege skjedde då ho og ei litt eldre jente leikte med dokker på baderommet. Truleg har den andre jenta klart å fylle badekaret med nær kokande vatn.

— Eg hugsar at eg stod på andre sida av karet utan leiker. Eg skulle hente ei dokke, og glei ned i badekaret. Det einaste eg ikkje hugsar er korleis eg kom meg opp igjen.

Men ho kom seg opp og ut på gangen, der ho stod og hylte til to vaksne kom. Den eine reiv av Karin kleda og plasserte henne under ein iskald dusj, den andre ringde etter distriktslegen.

Resten hugsar ho berre glimtvis. At legen ikkje kom etter første oppringing på grunn av ei mistyding. At ho vaknar, innrulla i skumgummi. I tre månadar ligg ho på isolat på Haukeland sykehus.

— Det var ein tøff periode. Bestemor kom av og til. Elles var eg heilt aleine.

Redde for bygdesladder

Etterpå kom Karin tilbake til barneheimen i Ørsta. Ho hugsar timar med strekk, tøy, bøy og opptrening i gymsalen like ved. Ganske nøyaktig eitt år seinare kom ho og broren til ein forsterfamilie i same kommune.

Sjølv om alle barneheimsbarna var forsikra for 100.000-150.000 kroner, gjorde ingen krav på ulykkeserstatning for Karin. Ingen gjorde noko for at jentungen skulle få den forsikringssummen ho hadde rett på.

— Fosterforeldra mine fortalde meg at dei heller ikkje turde. Dei var redde bygdesladderet, at folk skulle tru dei tok oss for pengane sin del.

Ingen har teke ansvar for ulykka, som merkte Karin for livet. Heller ikkje Ålesund kommune, som hadde det formelle omsorgsansvaret. Foreldelsesfristen for å saksøke kommunen gjekk ut etter ti år. Då var Karin berre femten.

For umoden for søksmål

Ho prøvde likevel - fire år seinare.

— Eg gjekk til advokat for å få ut papira frå Ålesund kommune, der det står svart på kvitt at dei hadde overteke omsorga for meg, fortel ho til BT.

— Kommunen nekta å gje dei ut, og eg gav opp, då eg ikkje lenger hadde krav på meir fri rettshjelp. Men når du er nitten, og har hatt ein oppvekst som min, er du ikkje sterk og moden nok til å takle presset med advokatar og alt. Vi må få ein sjanse til å bli vaksne først.

Då ho sa frå seg saka, fekk ho likevel papira - på eitt vilkår: At ho skreiv under på at ho aldri ville ta opp igjen saka. Fjorten dagar seinare låg dokumenta i postkassa hennar.

Første fly til Ålesund

No kjem det tidlegare barneheimsbarnet til å søkje Staten om billigheitserstatning.

— Får eg det, skal eg setje meg på første fly til Ålesund, og setje meg på kontoret til barnevernsjefen der. Han skal sjå det papiret, seier Karin bestemt.

— Dei veit så inderleg godt at dei har gjort feil, og har prøvd å gøyme seg bak reglar og paragrafar. Men det er ikkje pengane eg er ute etter. Eg vil at dei skal innrømme at dei gjorde ein feil den gongen, og at dei tek ansvaret for det dei gjorde. Denne gongen gjev eg meg ikkje.

FORBRENT: Fem år gamle Karin, sterkt forbrent på brannskadeavdelinga på Haukeland sykehus, i februar 1979. Ho var innlagt i tre månadar, heilt aleine. Etterpå var det tilbake til barneheimen.<p/> FOTO: HAUKELAND SYKEHUS
BRANNSKADD PÅ BARNEHEIM: Fem år gammal fekk Karin Flatøy store brannskader etter at ho sklei oppi eit badekar med nesten kokande vatn. For første gong tør det tidlegare barneheimsbarnet å vise fram litt av den skadde kroppen. - Ulykka har øydelagt så mykje av barndomen og det vaksne livet mitt, seier ho til BT. <p/>FOTO: RUNE SÆVIG