No er Sunnfjord-mannen dømd til å betale i overkant av 8000 kroner i bot og erstatning, etter at to personar fekk øydelagt dekka på bilane sine.

Sunnfjord heradsrett meiner det var vel drastisk å lage tunet om til spikarmatte, fordi naboen og gjestene hans køyrde inn på tunet for å snu. Retten ser alvorleg på den risiko born og andre vart utsett for, og meiner tiltaket pensjonisten settr i verk lett kunne fått langt meir alvorlege konsekvensar enn nokre punkterte dekk.

Retten gjev mannen medhald i at han kunne nekte naboen å bruke tunet som snuplass, men meiner han burde funne andre og langt mindre drastiske utvegar enn jarnpiggar i bakken.

Til to personar som begge fekk øydelagt dekka sine, må mannen totalt ut med over 5000 kroner i erstatning. Pensjonisten har dessutan fått ei bot på 3000 kroner. Og ikkje nok med det, sunnfjordingen må også betale sakskostnader på 3000 kroner.