— Er det rett at regelverket er utforma slik at eit menneske ikkje er verdig hjelp, dersom det ikkje er produktivt?

Det er Ola Jøsendal, kommunelege 1 i Radøy og allmennlegen til Norunn Håland, som stiller spørsmålet. Både han og fysioterapeuten hennar meiner at ei spesiell overmadrass og ein løfte/kvilestol til 24.000 kroner kan gje den uføre 50-åringen smertelindring og betre livskvalitet.

Hjelpemiddelsentralen (HMS) har derimot overprøvd spesialisterklæringane, og gjeve avslag både på søknad og klagesak. Grunngjevinga er at bruk av desse hjelpemidla ikkje kan få Håland ut i arbeid igjen, noko Rikstrygdeverkets strenge regelverk krev dokumentasjon på.

Men verken legen, fysioterapeuten eller Håland sjølv har illusjonar om at ho nokon gong kan gå på jobb igjen.

— Verken madrass eller stol kan få meg tilbake på jobb, men dei kan i det minste hjelpe meg til betre kvile, slik at eg har det mindre vondt. Tilstanden av konstante smerter går meg bokstavleg talt på nervene, fortel Norunn Håland til BT.

Ufør av bekkenskade

I ni månadar har søknadar, erklæringar, klagar og avslag gått i skytteltrafikk mellom Radøy og sentralen i Bergen. No er klagesaka til behandling hos Rikstrygdeverket.

For fire år sidan var ho kjent som muntrasjonsråd i lokalmiljøet på Radøy. Trebarnsmora arbeidde som ekspeditør i den lokale RIMI-butikken på Manger. Men i dag kan ho ikkje eingong løfte barnebarnet sitt.

17. mai, 1998, vart livet snudd opp-ned både for henne og resten av familien. Om ettermiddagen skulle dei på båttur, og ho skulle berre vinke til ein forbipasserande båt gjennom luka. Då fall ho og slo den venstre hofta.

Håland fekk ein sentral skade i bekkenet, og har i dag eit smertesyndrom, som omfattar både ryggsøyle og omliggande muskulatur. I dag er ho er hundre prosent arbeidsufør, har kroniske smerter i bekken og rygg, kan aldri stå, sitje eller ligge lenge om gongen.

- Kan ikkje gje opp

50-åringen går på morfinprodukt på grunn av sterke smerter, er dels invalidisert og slit i periodar tungt psykisk. Håland kan aldri sitje i same stilling i meir enn eit par minutt om gongen, og om nettene kan ho vakne annankvar time av smertene.

— Mange gonger vil eg berre trekkje dyna over hovudet og grine, men så tenkjer eg: «Eg kan ikkje gje opp», fortel Norunn.

At Håland ikkje får smertelindrande hjelpemidla av den grunn at ho ikkje blir arbeidsfør igjen, gjer lege Ola Jøsendal betenkt.

— Dette ser vi stadig oftare i helsevesenet: At det å få eit betre liv ikkje lenger er aktverdig grunn for å få hjelp, seier han.

- Som fanden les Bibelen

Fysioterapeut Hans Atle Svenheim er opprørt og fortvilt på Norunn Håland sine vegner, og meiner at ho har fått svært dårleg service hos HMS i Hordaland.

— Eg trudde poenget med HMS var å hjelpe folk, og bidra til å oppretthalde livskvalitet etter skader eller sjukdom, seier han til Bergens Tidende.

— Somme saksbehandlarar les reglane som fanden les Bibelen. Tidlegare har eg hatt eit titall pasientar med tilsvarande rygg- og bekkenplager som Håland, og alle har fått madrass eller løfte/kvilestol av HMS, sjølv om dei aldri kjem seg tilbake i jobb, hevdar fysioterapeuten.