No må politikarane sjå litt i eigne rekkjer og kutte i administrasjonen og i alt mulig som kommunen engasjerer seg i. Kunst og kultur for eksempel. I tronge tider må alle, anten ein er ein familie eller ein kommune, fokusere på det som er primæroppgåvene. Og det er faktisk det som dei kuttar i kvar einaste gong. Eg er sikker på at det er millionar å hente på å effektivisere administrasjon, kutte årsverk i kommunen, takke nei til engasjement i aust og vest. La ungane og dei eldre få det dei har rett på, nemleg eit godt og fullverdig tilbod!

K. HAMARSLAND