Folkvord vart offer for kvinnekvoteringa. Veljarane sette alt for mange kryss ved mannfolka på vallistene under kommunevalet i Odda i haust, og berre seks kvinner kom inn i kommunestyret, mot 21 menn.

Dermed strevar kommunen med å fylla opp kvinnekvoten i underutvala. Til driftskomitéen og utviklingskomitéen må partia henta inn kvinner frå medlemslistene, men formannskapet er berre ope for kommunestyremedlemer.

— Dei mindre partia fekk berre ein medlem kvar i formannskapet, og alle nytta retten sin til å velja ein mann. Dermed måtte felleslista til Ap og Sp stilla med minst to kvinner til fire plassar. Sp har inga kvinne i kommunestyret, og dermed måtte Ap fylla kvinnekvoten, forklarer Harald Jordal i Odda kommune til Bergens Tidende.

Arbeidarpartiet sytte for attval av Toralv Mikkelsen, som no går inn i sin tredje valbolk. Partifelle Hilde Gjester Hoel, ei av dei to kvinnene i formannskapet, vart varaordførar. Ho er heilt fersk kommunestyremedlem.

Gard Folkvord må nøya seg med å vera første varamann til Ap og SP sine fire medlemer av formannskapet. Han meiner likevel at han skal kunne makta oppgåva som leiar av Arbeiderpartiet si gruppe i kommunestyret, ei gruppe som består av seks menn og tre kvinner.

Dei tre andre kvinnene i Odda kommunestyre utgjer mindretal i Venstre, SV og RV. Så vel Høgre som Frp og Demokratane har berre menn i sine grupper.