• Det er heilt forferdeleg, seier pendlar Åse Petterson til framlegget om å krevja inn bompengar tre år etter at Nordhordlandsbrua er betalt.

GUNNAR WIEDERSTRØM gunnar.wiederstrom@bt.noPetterson og mannen hennar pendlar kvar dag over brua. Dei må køyra til kvar si tid. Difor betaler dei kvartår nærare 25.000 kroner i bompengar. Staten må betala — Det er ikkje rett at vi som har betalt bompengar i alle desse åra no skal betala for vegar andre stader, seier Petterson som bur på Flatøy.Ho meiner staten må løyva meir pengar.Og Petterson er ikke åleine om å meina det same. BT vitja bomstasjonen på brua i går kveld, og mellom dei 15 vi spurde, var det berre ein som med nokre atterhald kunne akseptera tre ekstra år. - Tenkjer eg berre på min eigen økonomi, er svaret nei. Men løftar eg blikket litt og tenkjer som samfunnsborgar, ser eg poenget med å gjera det på denne måten, sier Svein Leknes.Men aller helst hadde han sett at alle i Nordhordland betalte nokre ekstra kroner over skattesetelen.- No vert det pendlarane som må betala mest. Men elles er haldninga eintydig negativ.- Dette er heilt bak mål. Då brua vart vedteken skulle vi betala bompengar over eit bestemt antall år. Politikarane lurer - Når vi grunna trafikkauke maktar å betala ned raskare, må ikkje politikarane gjera framlegg om å ta inn meir pengar. Brua er betalt. Vi må kunne lita på politikarane, seier Odd Blindheim. - Vi har betalt nok bompengar i alle år, seier Emil Gundersen frå Radøy. - Men er ikkje du interessert å få ny veg til Radøy.- Nei, no må staten betala for vegane på Radøy. Dei slapp billeg unna då brua vart bygd. Den er det vi som betaler.Lillian Granli nyttar endå sterkare ord.- Dette er heilt sprøtt. Eg har betalt bompengar og ferje i 30 år. Nok er nok, sier ho.

Les også: Spenning til siste slutt om bompengepakken

VIL IKKJE BETALA: Åse Petterson bur på Flatøy og pendlar til Åsane kvar dag. Ho vil ikkje betala bompengar etter at brua er nedbetalt. FOTO: MARTE ROGNERUD