LARS MÆLANDJAN M. LILLEBØ (foto)Bømlo

Unge Marit Jensen Føyen (6) hadde fått oppgåva med å gi blomar til kongen, og hadde vore oppe sidan halv sju.

— Eg skal berre seia velkomen, seier ho der ho trippar spent omkring og ventar på kongefølgjet.

Folk i tusental hadde møtt fram i Gassasundet for å ta del i storhendinga, slutt på øylivet for over 30.000 innbyggjarar i Sunnhordland og ein ny viktig bit av kyststamvegen ferdig. Folk i Stord og Fitjar har alt gjort seg nytte av det nye fastlandsambandet i over fire månader, måndag fekk også nær 11.000 bømlingar ferjefri veg til fastlandet. Og to nye ferjesamband blei historie: Siggjarvåg-Sagvåg og Mosterhamn-Valevåg.

Kongeleg gratulasjon - Gratulera med det nye veganlegget, og gratulera med dagen. Dette er eit samband som har stor betyding ikkje berre for folket i Sunnhordland, men som også betyr mykje for heile kyststamvegen, sa kong Harald før han skar over bandet i nasjonalfargar og opna anlegget til jubel frå kring ti tusen sunnhordlendingar, inviterte gjester og andre tilreisande.

Kongen åtvara mot den faren auka biltrafikk har for fleire trafikkulukker, og oppmoda folket om å bruka anlegget med omtanke.

Nytt knutepunkt - Dette er stort og noko eg berre måtte få med meg, seier Kristian Spissøy, snart 80 og eldst av dei fire fastbuande på Spissøy som igjen blir sentralt trafikknutepunkt.

— Eg heiste flagget før eg spaserte heimefrå klokka kvart på ni i dag tidleg, seier Spissøy, som lenge har sett fram til denne dagen.

— Folk i Sunnhordland set overmåte pris på at Dykkar Majestet viser oss merksemd og omsorg ved å føreta den høgtidelege handling offisielt å opna Trekantsambandet. Kongens nærver understrekar den store betydning dette sambandet vil få for vår del av landet, sa fylkesmann Svein Alsaker då han ønskte kongen velkomen til Bømlo.

Fire tusen med flagg Fire tusen elevar frå dei fire trekantkommunane Bømlo, Sveio, Stord og Fitjar vifta med norske flagg, flittige anleggsfolk var synleg stolte over det nye veganlegget og duoen Harry Herstad og Øyvind Halleraker i Sunnhordland bru- og tunellelselskap strålte.

— Ein dag å vera stolt av, og eit resultat me er svært godt nøgde med. All muleg honnør til det arbeidet vegvesenet sine folk har gjort, me har fått eit veganlegg ein heil region har eit eigarforhold til, seier Øyvind Halleraker, dagleg leiar i bru- og tunnelselskapet.

Og straks folkemassen løyste seg opp i 13-tida måndag, var det fritt fram for alle å ta i bruk heile det nye veganlegget med tre bruer og ein nær åtte kilometer lang undersjøisk tunnel med samla prislapp 1850 millionar kroner. Brukarane skal betala det meste med bompengar, kring ein milliard kroner.

Les også: Kongen taus i Sveio

KONGELEG SNORSKJERING: Dagleg leiar Øyvind Halleraker i Sunnhordland bru-og tunnelselskap (f.v.), vegsjef Ole Chr. Torpp, kong Harald, vegdirektør Olav Søfteland og fylkesordførar Gisle Handeland klar til å opna Trekantsambandet.