Det er planen at flybombinga, med utgangspunkt frå Ørlandet ytst i Trondheimsfjorden, skal flyttast frå Hjerkinn til Voss. Ein viktig grunn til flyttinga er at Hjerkinn-feltet ligg nær eit varig verna fjellområde. Etter 20 års kamp mot miljøfiendtleg bombing der er det vedteke at feltet no endeleg skal leggjast ned. Men feltet på Voss er i nøyaktig same stode som det på Hjerkinn; — også det grensar inn til varig verna fjell- og fjordområde. Eitt av dei tilgrensande områda - Nærøyfjorden og Nærøydalen - er så eineståande at regjeringa har føreslått at det skal førast opp på UNESCO si liste over verdas naturarv!

I tillegg ligg måla for bombinga i eit varig verna vassdrag sitt nedslagsfelt, og grensar inn til den heilt spesielle og verna Undredalshalvøya.

Logikken bak flyttinga synest å mangla, bortsett frå at dei høge herrane i Oslo kanskje synest at det ikkje er så nøye med Vestlandet? At ein her kanskje kan sleppa bombelaster med mindre lokal motstand enn på Hjerkinn, og utan dei restriksjonar dei har der?

At avstanden frå Ørlandet er over dobbelt så stor til Voss som til Hjerkinn (vel 350 km mot vel 150 km), og at flya sine utslepp av drivhusgassen CO2 med det vert dobla, betyr vel heller ingen ting? Dei vil fly på tvers av Nord-Vestlandet. I luftrommet mellom Ørlandet og Voss vil denne flytrafikken vera ei ny støykjelde i våre finaste fjellområde. Det vil truleg også føra med seg trening i lågtflyging i fleire fjordområde. Men det betyr vel heller ingen ting for miljøet?

Bombinga vil føregå i fjellheimen midt mellom våre verdskjende fjordar, Sognefjorden og Hardangerfjorden. Feltet tangerer også, både i nord og i sør, ei internasjonalt kjend turistrute, «Norway in a Nutshell», med over 400.000 reisande kvart år. Men det betyr vel heller ikkje noko, sett frå Oslo?

«Forsvaret legg stor vekt på miljøvern» - står det i Forsvarsbygg si brosjyre. I denne saka er det nok ikkje alvorleg meint, men berre ein talemåte.

TRYGVE REFSDAL,

VOSS