— Trafikken vil gå som før, og alle flyplassane på Vestlandet kjem med i anbodsrunden som blir lyst ut seinare denne veka, opplyser politisk rådgjevar Alfred Bjørlo.

Ei utgreiing om framtidas kortbanenett blir presentert på ein pressekonferansen i Samferdsledepartementet i dag.

Til bt.no seier Bjørlo at departementet går inn for å avvikle flyplassane Fagernes, Narvik og Vardø.

— Om eit par år vil det komme ein ny gjennomgang av kortbanenettet basert på at det blir arbeidd med nye føresegner for tryggleiken, opplyser Bjørlo.