— Alt i dag går ein stor del av sjømaten frå Vestlandet med fly frå Amsterdam eller Gardermoen. Dette vil berre forsterka seg dersom ikkje me får ein eksportflyplass på Vestlandet som er i stand til å ta imot den nye generasjonen transportfly som krevst, seier Harry Herstad.

Den tidlegare fylkesrådmannen i Hordaland er skuffa over at fylkesutvalet sa nei til å støtta utgreiinga av ein ny storflyplass basert på transportkrava til havbruksnæringa, slik Samarbeidsrådet for Sunnhordland har tatt initiativ til. Sveio er peika på som muleg lokalisering for eksportflyplassen for fisk, gjerne i kombinasjon med ei moderne containerhamn der hurtiggåande fraktkatamaranar kan ta unna fisketransporten til nærmarkedet.

Tenleg transport

— Hordaland er største oppdrettsfylke i landet, og Sunnhordland er viktigaste havbruksregion. Det er grunnen for at me her ønskjer å få i gang ein diskusjon om korleis me best skal møta transportbehova for denne næringa når me ser nokre år fram i tid. Me må ikkje stella oss slik at me taper i konkurransen fordi me ikkje får til tenlege transportløysingar til markedet i til dømes Fjerne Austen. Dette markedet er viktig i dag og kan bli av langt større betydning dersom me får gjennomslag i Kina, seier Kjell Arne Møklebust, ingeniøren som i si tid lanserte planane om Trekantsambandet.

— Det er naturleg at me også vurderer om Flesland eller Sola ved Stavanger tilfredsstiller dei nye krava til fisketransport, men per i dag er det berre Gardermoen som har lang nok rullebane med nødvendig bæreevne til å tola dei større transportflya med lastekapasitet opp til 120 tonn, seier Harry Herstad.

Rullebane på mellom 3000 og 4300 meter er kravet for å ta ned dei største flya av Airbus og Boing 747 med last på 90 til 120 tonn. I fjor eksporterte Norge 435.000 tonn laks og aure, av dette gjekk 61.500 tonn med fly til utlandet, Flesland sin del var mindre enn 10 prosent.

Store mengder

Dagleg leiar Gro Jensen Gjerde i Samarbeidsrådet for Sunnhordland peikar på at nye oppdrettsarter vil vera med å styrka grunnlaget for ein eksportflyplass på Vestlandet.

— Det kjem nye arter som til dømes skjell, der det er store volum som må raskt fram til kundane.

Det er for ein stor del ferskvare det her er snakk om, men havbruksregionen Sunnhordland tar også mål av seg til å bearbeida meir av råvarene før me sender dei frå oss, seier Jensen Gjerde. Styret i Samarbeidsrådet har vedteke å arbeida vidare med flyplassplanane trass fylkesutvalet sitt nei til pengestøtte.

— Nei frå fylket betyr berre at vegen blir noko meir kronglete, men eg håpar politikarane får augene opp for at Vestlandet må gjera noko for å leggja best muleg til rette for ei næring som er utpeika til å bli bærebjelken når oljeressursane minkar. Utbygging av ein fullgod eksportflyplass her vest vil gi arbeidsplassar, og vera vesentleg for å få til den utvikling me ønskjer innan havbruksnæringa.

Viser utgreiinga at Flesland kan utvidast til å tilfredstilla morgondagens krav, er det flott. Viss ikkje har me peika på at Sveio har areal som kan vera eit godt alternativ, seier Harry Herstad, Fitjar-rådmann og leiar i flyplassgruppa.

VURDERER EKSPORTFLYPLASS: Er ikkje Flesland eller Sola i stand til å stetta morgondagens krav til flytransport av store mengder sjømat, kan ny flyplass i Sveio vera eit alternativ meiner Harry Herstad (fra v.); Kjell Arne Møklebust og Gro Jensen Gjerde i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.
FOTO: LARS MÆLAND