Meldinga vert først presentert neste fredag, men Sunnmørsposten skriv onsdag at Florø har vunne kampen om å verte base for det nye helikopteret.

Striden om kvar redningshelikopteret skal plasserast, har versert over fleire år. Vigra ved Ålesund og Florø har vore dei heitaste kandidatane til ein ny base mellom Sola i Rogaland og Ørlandet i Sør-Trøndelag.

I tillegg har det vore spenning knytta til om staten i det heile ville satse på ein ny fullverdig redningshelikopterbase på Vestlandet.